Hødd tok søndag imot Vinbjart til sesongens nest-siste heimekamp på Høddvoll. Til denne kampen gjorde dei blåkvite nokre endringar frå kampen mot Vidar, der mellom anna Eirik Franke Saunes kom inn frå start, samt at Johannes Sundgot fekk sin debut for Hødd.  Hødd har vore inne i ei bra periode, og stod utan tap på sine siste seks kampar før denne. Tre hadde enda uavgjort og tre med siger.

Vinbjart var inne i ein meir negativ trend og hadde ikkje vunne på sine siste fire. Før kampen var laget også under nedrykkstreken og trengte dermed poeng i Ulsteinvik.

Det var også bortelaget som skulle ta leiinga. Storscorar Øyvind Gausdal utnytta ein feil i Hødd-forsvaret og sette inn 0-1 allereie etter 15 minutt. Noko ufortent, sidan det var Hødd som skapte dei fleste sjansane, men slikt har ein ikkje vore ukjende med på Høddvoll denne sesongen.

Heimelaget var fleire gongar nære ved å utlikne, og mellom anna Robin Shroot burde fått inn 1-1 etter eit farleg innlegg framom Vindbjart-målet, men briten fekk ikkje sklidd ballen på rette sida av stolpen.

Ein måtte i staden vente til heilt mot slutten av den første omgangen. Hødd utlikna minuttet før pause, etter at Daniel Eid vart lagt i bakken på ein corner. Dommar var ikkje i tvil om at det var ein straffbar situasjon og gav også gult kort til Vindbjart-spelar Kim Kvalen gult kort.

Frå straffemerket var Robin Hjelmeseth sikker og banka ballen nesten opp i krysset til venstre for keeper.

Treig start på andre

Men dersom ein hadde venta at dette skulle inspirere Hødd til å ta endå meir tak i kampen etter pause, tok ein dessverre feil. Dei første 15 minutta av den andre omgangen var heilt jamne, og var prega av ein total mangel på sjansar begge vegar. Faktisk var det i staden Vindbjart som tok over initiativet i kampen, og som pressa på mot Hødd-målet. Vinbjart skapte også første sjansen i den andre omgangen, og den var stor, men Alme var på rett plass.

Minuttet seinare gjekk det gale. Steffen Moltu slo ei svak pasning som vart snappa av bortelaget. Gausdal tok med ballen mot linja, men fekk Henrik Breimyr i kroppen og det såg ut til at Hødd-spelaren skulle få kontroll, men Breimyr forsvann over linja, medan ballen blei liggande. Dermed kunne Gausdal slå inn, der Aas fekk pirka den forbi Hødd-keeperen.

Ein fly forbanna Sindre Eid gav tydeleg beskjed om kva han synest om Hødd-spelet, og fekk kjapp respons frå dei blåkvite. Robin Shroot fekk ballen i Vindbjart sin 16-meter, kom seg unna eit par taklingar før han løfta ballen opp i næraste hjørnet.

Store sjansar begge vegar

Fem minutt seinare burde Hødd blitt straffa igjen. Fleire elendige defensive prestasjonar på kort tid sendte Øyvind Gausdal gjennom med berre Alme mellom seg og mål, men avslutninga frå 16 meter gjekk eit par meter på utsida.

Også Hødd fekk nokre sjansar, og innbytar Torbjørn Kallevåg var uhyre nære etter fint kombinasjonsspel frå heimelaget, men også dette skotet gjekk på utsida av stolpen.

Så var det igjen Vindbjart som var nære. Daniel Eid såg ut til å miste balansen, og bortelaget fekk dermed avslutta frå skrått hald, men Alme var på den og tvinga ballen via stolpen og ut.

Keeperen til Vindbjbart heldt på å gjere det heilt store to minutt før slutt. Først gav han vekk ballen til Robin Shroot, og så brukte han så lang tid på å kome tilbake at Shroot heldt på å få løfta den inn i det tome nettet, men like før linja kom han seg på plass og fekk slått til corner.

Det vart nokre store sjansar begge vegar på slutten, og i det klokka bikka 90 minutt kunne Høddvoll-publikumet for alvor sleppe jubelen laus. Først fekk Eirik Franke Saunes ballen på bakre stolpe, der han fekk dribla seg fri frå sin forsvarar. Saunes såg opp og fann ein annan unggut, innbytar Håkon Botn Brautaset som frå kort hald sette inn 3-2.

Kampfakta:

Hødd – Vindbjart 3-2 (1-1)

Høddvoll

Dommar: Jon Romuld Håversen

Gule kort: Eirik Franke Saunes, Jesper Törnqvist, Børge Engesland, Kim Kvaalen, Torbjørn Kallevåg.

Mål: 0-1 Øyvind Gausland (15), 1-1 Robin Hjelmeseth (45), 1-2 Nicolai Aas (70), 2-2 Robin Shroot (72), 3-2 Håkon Botn Brautaset (90)

Hødd: Ole Monrad Alme – Jesper Törnqvist, Henrik Breimyr, Steffen Moltu – Daniel Eid, Bendik Torset (Andreas Breimyr 78), Bendik Rise, Eirik Franke Saunes, Johannes Sundgot (Torbjørn Kallevåg 68) – Robin Shroot, Robin Hjelmeseth (Håkon Botn Brautaset 83)