Dersom Hødd 2 skulle vinne sin bortekamp mot Larsnes/Gursken på River Plate måndag kveld vil det aller meste tyde på at det blir opprykk til 3.-divisjon for Hødd-rekruttane.

Etter at Hareid heldt Bergsøy til 0-0 heime på Hareidsmyrane fredag, er det no Volda som er nærast Hødd 2 på tabellen. Men dersom det blir siger til dei blåkvite måndag, vil avstanden ned til Volda vere på ni poeng før dei tre siste kampane. Dermed vil Hødd 2 berre trenge eitt poeng på sine siste tre kampar for å garantere eit opprykk, og sjølv om det skulle bli tre tap på rappen vil laget framleis vere favorittar til opprykket. Hødd 2 har nemleg 24 plussmål betre målforskjell enn Volda.

Men først må Hødd 2 ta seg av Larsnes/Gursken. Etter ein temmeleg positiv sesongstart, der LGFK lenge låg i sjiktet rett bak topplaga i avdelinga, har det gått tråare etter sommaren. Faktisk har det berre blitt to sigrar etter sommarpausen, og begge har kome mot botnlag. Haustforma har ført til at LGFK no ligg nede på ein sjuandeplass, men sigeren over Langevåg sist runde fører til at laget har ei brukbar luke ned til det som truleg blir to nedrykksplassar i avdelinga.

Sandssokningane har likevel eit knalltøft program i innspurten, der dei skal møte Hødd 2, Skarbøvik, Volda og Bergsøy i sine fire siste kampar. LGFK har rett nok teke poeng mot alle desse med unntak av Hødd 2 tidlegare i sesongen, men det er ingen tvil om at avslutninga er hard for Larsnes/Gursken.

Og der LGFK har slite med poengfangsten i haust, har Hødd-rekruttane stort sett plukka med seg tre poeng i kvar kamp. Unntaka var tapet for Bergsøy og poengdelinga borte mot Emblem. På sine fem siste kampar har Hødd 2 13 poeng og solide 23-3 i målskilnad. Det inkluderer 7-0 over Hareid og 8-0 over FK Sykkylven. Hødd 2 vann også oppgjeret mellom laga på Høddvoll. Då enda det 3-0 til heimelaget.

Hødd sitt A-lag slo Vindbjart 3-2 heime på Høddvoll søndag. Der var fleire som har spelt mykje for rekruttane i år involvert, men matchvinnar Håkon Botn Brautaset er ein av dei som blir å finne også i troppen mot LGFK.

Til River Plate reiser Hødd 2 med denne troppen (frå Hødd sine nettsider): Sivert Pieroth, Andreas Moldskred, William Fjørtoft, Aleksander Rekdal, Elias Flø, Sander Djupvik, Daniel Haanes, Peter Hasund, Isak Haanes, Isak Skotheim, Håkon Botn Brautaset, Gustav Dimmen, Bam Hide, Magnus Myklebust, Badr Rahhaoui, Preben Sætre, Martin Mork Breivik.