Fredag vart det klart at Hødd 2 rykker opp til neste års 3.-divisjon. Laget har vore i førarsetet store delar av sesongen, og den siste tida har det i utgangspunktet vore eit tidsspørsmål for opprykket vart sikra. Den endelege stadfestinga kom etter Volda sitt poengtap heime mot FK Sykkylven.

Hødd 2 er dermed avdelingsvinnarar før dei tre siste kampane sine, og den første av dei kjem heime mot Langevåg.

Det blir ein kamp mellom to lag i kvar sin ende av tabellen - Hødd 2 på første og Langevåg på nest-siste. Langevåg kjempar for å unngå nedrykk til 5.-divisjon og kan passere Godøy med siger på Høddvoll.

Heime på eige kunstgras har Hødd-rekruttane vore solide denne sesongen. På ni kampar har det blitt åtte sigrar og eitt tap. Hødd 2 har berre sleppt inn fire baklengsmål heime, og då kom halvparten i tapet for Bergsøy.

Men då Hødd 2 møtte Langevåg tidlegare i sesongen heldt det på å gå gale. Hødd 2 tok leiinga, men Langevåg svara med to kjappe. Deretter snudde Hødd igjen før pause, og med tre til etter pausen såg det ut til å gå mot ein trygg siger. Langevåg svara likevel endå ein gong og kampen enda til slutt med eittmålssiger 6-5 til Hødd 2. Langevåg er dermed det einaste laget som har scora meir enn to mål på Hødd-rekruttane denne sesongen, og vil truleg gje alt for å sikre seg livsviktige poeng i kampen for å unngå nedrykk.