I ein kontorstol heime hjå Åge Grimstad sit Kjetil Hasund og blar i det som har blitt ei 646 siders bok, fylt med avisutklipp og bilete, og som spenner over fleire tiår. 646 er sjølvsagt ikkje tilfeldig, for det er også talet på kampar Hasund spelte for Hødd.

Både vist og gale

– Dette blir ikkje noko oppslagsverk, slår Åge Grimstad i Fantastiske Osberget fast, før han legg til.

– Det blir heilt sikkert diskusjonar om innhaldet, for dette er slikt som var skrive av journalistar på den tida. Vi gir att artiklane og då kan det jo bli noko diskusjonar rundt matbordet om det var slik det faktisk var.

– Det vart skrive mykje om Hødd, både vist og gale i ein del av hovudstadsavisene, smiler Kjetil Hasund.

Åge Grimstad fortel at dette er ei bok som ein har arbeidd med i fleire år, men at det no nærmar seg utgiving. I starten av november skal den i trykken, og i starten av desember skal den vere klar for sal.

– I boka tek vi føre oss perioden 1959 til 1980. Det er eitt minnealbum, både for dei som er glade i Hødd, men også for dei som er glade i Ulsteinvik og regionen. Vi har bilete av veldig mykje forskjellig. Vi er jo også litt ambisiøse. Med 646 sider så har det vel ikkje vore laga ei så gala bok tidlegare, men dette er på grunn at Kjetil. Det er hans «skuld», sidan han har 646 kampar for Hødd, ler Grimstad.

Med ei så stor bok slår Grimstad fast at dette er eit verk lesarane vil trenge god tid på.

Gjennom bileta og avisutklippa får ein oppleve ei heilt anna tid, både for lokalsamfunnet og for Hødd. Det som er heilt sikkert er at engasjementet var stort, også på den tida.

For folk kom langvegs frå for å få med seg kampane på Høddvoll, sjølv om fasilitetane var noko heilt anna enn det ein kan oppleve i dag. Dette blir godt illustrert av dei mange flotte fotoa som pryder dei over 600 sidene.

– I 1965 måtte begge laga skifte nede på samfunnshuset og så vart vi køyrt opp til Høddvoll i buss, minnest Hasund.

Mykje god hjelp

Grimstad fortel at alle avisene ein har vore i kontakt med har vore svært hjelpsame arbeidet, og gitt Fantastiske Osberget tilgang på bilete og artiklar. Han legg til at det er mange som har bidratt til at boka no blir ein realitet.

– Vi har veldig mange private bilete, mellom anna frå Kjetil, frå Kjell Garnes, Eli Jakobsen, frå Arne Flatin sitt rikhaldige arkiv og frå Arne Ole Grimstad, og fleire til. Vi har også nokre intervju, der mellom anna Arne Scheie har eitt bidrag, fortel Grimstad.

Og så dukkar det opp litt anna enn fotball. Både bryllaupsbilete og bilete frå treningsleirar har fått plass.

– Det blir ei bok for meir enn dei som berre er interesserte i fotball. Det å få fram stemninga rundt det som har med Hødd å gjere er det viktigaste, meiner Åge Grimstad.

Og medan ein er i ferd med å legge siste hand på verket, så har ein framleis nokre sider som må fyllast.

– No er vi ute etter nokre fleire bilete, slik at vi får fullført boka, fortel han.

Også noko nytt for Hasund

Hovudpersonen synest sjølv det har vore eit spanande prosjekt.

– Eg synest det har blitt veldig bra, eg visste jo om det meste som har kome fram, men det var også noko nytt for meg i ein del av bileta som har dukka opp. Spesielt av det som skjedde utanfor bana, av publikum og den stemninga som var der. Der og då var det jo kampen eg fokuserte på, fortel Hødd-legenda.

Åge Grimstad rosar 75-åringen for den hjelpa han har gitt prosjektet.

– Dette hadde ikkje vore mogleg å få til utan Kjetil, slår Grimstad fast.

Private bilete: Utklippa og bileta til boka om Kjetil Hasund kjem frå ei rekkje ulike kjelder, også frå hovudpersonen sitt eige arkiv. Her studerer Åge Grimstad og Kjetil Hasund ein av albuma til Hasund. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes
Spanande arbeid: Kjetil Hasund er tidenes spelar i Hødd. No kjem mannen i bokform, eit massivt verk på 646 sider – like mange som han spelte kampar for Hødd. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes