Ørjan Håskjold Nyland er imponert over det den tre år yngre broren har fått til denne sesongen.

– Eg synest det er ein fantastisk god prestasjon at Sander har klart oppryk saman med spelarane og dei andre i trenarteamet, seier landlagsmålvakta, som til dagleg spelar i den tyske klubben Ingolstadt FC.

– Hødd2 har vore botnsolide i heile år, og det er Sander og resten av teamet si forteneste, seier Ørjan, og held fram:

– Suksessen han oppnår gler meg mykje, og det viser at hardt og målretta arbeid med trenaryrket har gitt resultat. Han er først og fremst ein fotballklok mann, han ser mykje fotball, kan faget og har evna til å sjå kvar enkelt spelar. Dyktig på feltet, fagleg og pedagogisk. I tillegg strebar han heile vegen etter å utvikle seg, som er ein unik egenskap å ha i fotballen.

Reidar Vikebakk (67) er med i teamet rundt Hødd2.  Han ser eit klart trenartalent i Sander.

– Sander er ein veldig dedikert trenar. Han er utruleg interessert og nysgjerrig, og han er flink til å følgje opp laget, seier Vikebakk, som har kjent han sidan 2010. Då trente Sander med Hødd sitt junioarlag medan Vikebakk var trenar.

– Sander er ambisiøs, både på eigne og spelarane sine vegne. Han er flink til å jobbe saman med oss andre i teamet, han lyttar og eg synest han dreg gode slutningar, fortel Vikebakk, som har vore fotballtrenar i meir eller mindre førti år.

Vikebakk, som meiner han sjølv har ei slags bestefarrolle på Hødd2, seier at Sander også er entusiastisk og at han bryr seg om spelarane, både på og utanfor fotballbana.

Peter Hasund (18) er svært fornøgd med å ha Sander Håskjold Nyland som trenar.

– Det er faktisk veldig kjekt å spele på laget han trenar. Sander er ein veldig ærleg og lojal fyr. Han kan vere kompis med oss spelarane, men så klarer han også vere sjefen vår, seier Hasund, og legg til:

– Eg trur Sander kan nå så langt han berre vil som trenar.

Les også: – Målet mitt er å trene eit eliteserielag