– Aller helst ville eg vere spelar, det var plan A. Men då eg måtte legge karrieren på hylla, satsa eg i staden på vere trenar.

23-åringen frå Volda, som fyller 24 i desember, er både reflektert og velformulert, der han sit på andre sida av bordet i kafeen på Høddvollhuset. For under eitt døgn sidan stod han i garderoben og hadde pauseprat med laget sitt, som leia 2-1 over Langevåg:

«Veldig mykje bra i første omgang! Hald fram med å ha kontroll, ver profesjonelle!»

Hødd2 vann kampen 6-1, neste år skal laget spele i tredje divisjon og no forklarer Nyland kva det er som gjer denne idretten så altoppslukande:

– Det er den idretten eg har likt best. Eg har ein bror som er ganske ok i fotball, og sjølv om vi også dreiv med andre idrettar, har fotballen alltid vore nummer ein, fortel han.

Hofteproblem

Som storebror Ørjan satsa Sander på ein karriere som målvakt. Dei første åra for Mork, frå elleveårsalderen for Volda.

– Det er nok konkurransen og kompleksiteten i fotballen som gjer idretten så interessant, seier Nyland.

Seinare var han innom Hødd, Bergsøy og Ullern, men skadar gjorde at han måtte skrinlegge spelarkarrieren. Studiar på Høgskulen i Volda og Norges idrettshøgskole i Oslo gav han ein bachelor i i trening og idrettspsykologi, med fordjuping i fotball, sjølvsagt.

– I januar 2016 fekk eg jobb i Hødd. I tillegg til å vere hovudtrenar for Hødd2, er eg koordinator for Team Søre, med på treningar med elevane på vidaregåande og engasjert i FFO og Hødd Extra, fortel han.

Kor mange timar i døgnet brukar du på fotball?

– Det høyrest kanskje litt flåsete ut, men det er nok all mi vakne tid frå eg står opp til eg legg meg, kjem det frå andre sida av bordet etter ei lita tenkepause.

– Eg trur nok at Runa (Kvalsvik Frantsen, sambuar) får fotballen litt oppi halsen av og til, men ho er veldig tolmodig, fortel han.

Drøymer du om fotball når du søv?

– Ja, det gjer eg. Og det skjer at eg ligg vaken og tenkjer på fotball når eg eigentleg burde sove.

WestHam er favorittlaget, men Sander fortel at han er altetande når det gjeld fotball.

– Pep Guardiola er favoritt-trenaren min, så då følgjer eg ekstra med på laga han trenar til ei kvar tid, seier han.

Vinnarinstinkt

I årets sesong har Hødd2 tapt ein kamp, spelt to uavgjort og vunne sytten. Dei to siste kampane er mot Skarbøvik i morgon og mot Volda fredag 20. oktober. I siste kampen må laget klare seg utan Sander, for då skal han opere eine hofta.

Er du ein dårleg tapar?

– Ja, det er eg. Eg mislikar sterkt å tape, og eg trur Ørjan og eg har akkurat det same vinnarinstinktet. Utan eit slikt instinkt har ein ikkje noko å gjere i konkurransidrett, kjem det kontant.

I teamet rundt Hødd2 har Sander med seg røynde folk som Reidar Vikebakk, Einar Magne Skeide og Harald H. Rise.

– Vi jobbar godt saman, og eg er heldig som får lære av desse karane. Hødd er ein fin klubb å vere i, dei er flinke til å få fram einarar, seier Sander.

4.-divisjon: Har sikra opprykket - jaktar tre nye poeng Hødd-rekruttane er klare for 3.-divisjon, men kan påverke nedrykkskampen.

Ambisjonar

Sander Håskjold Nyland har kontrakt som Hødd2-trenar i eit år til. Men 23-åringen siktar høgare enn 3.divisjon.

– Eg har absolutt ambisjonar, for målet er å trene eit lag i Eliteserien. Om det skjer om ti eller tretti år eller om det aldri skjer, det veit eg ikkje. Av Ørjan har eg lært at hardt arbeid over lang tid aukar sjansen for å lukkast.

Kan du finne tre ord som skildrar deg som trenar?

– Hardarbeidande. dedikert og målretta.