Hareid 2 tapte mot Hødd 3 på Høddvoll onsdag, men med ein kamp att av sesongen ser det ut til at laget klarar målsettinga om å fullføre sesongen. 
            (Foto: Andreas Steinnes Bjerknes)

Hareid 2 tapte mot Hødd 3 på Høddvoll onsdag, men med ein kamp att av sesongen ser det ut til at laget klarar målsettinga om å fullføre sesongen. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Både Hasundgot og Hødd 3 scora seks

Hareid 2 og Moltustranda fekk det tungt på bortebane.

Sjølv om Hareid 2 tok leiinga allereie før det var spelt ti minutt i bortekampen mot Hødd 3 på Høddvoll onsdag, vart det til slutt ein poenglaus retur til Hareid. Arthur Hareide gav bortelaget leiinga, men halvvegs ut i den første omgangen slo heimelaget tilbake ved Victor Selvåg Pettersen.

På Hareid tidlegare i sesongen var det Hareid 2 som sikra alle tre poenga, men mot eit Hødd-lag som hadde scora seks gongar i begge sine føregåande kampar vart det til slutt for tungt.

Det skulle likevel ta 73 minutt før heimelaget tok leiinga for første gong. Hareidsdølingen William Valde Bigset sette inn 2–1 og same mann sikra 3–1 få minutt seinare.

Hareid 2 har gått på nokre smellar denne hausten, og det skjedde også mot slutten på Høddvoll. Jonas Våge Overå, Jakob Sætrenes og Benjamin Haram Rogne scora kvar sitt mål og sikra laget sin tredje kamp på rad med seks scoringa. Det enda til slutt 6–1 og sende Hødd 3 opp på ein femteplass i avdelinga.

På plassen framom finn vi Hasundgot, som også spelte kamp onsdag. Heime på Hasundgot stadion vart det seksmålssiger mot Moltustranda, mykje takka vere ein målfarleg unggut.

Isak Sundgot gav heimelaget leiinga allereie etter fire minutt, før han ni minutt seinare la på til 2–0. Sundgot gav seg ikkje før han hadde scora fire mål mot Moltustranda, tre av dei før pause, og med scoringar frå Thomas Gjerde og Sander Nedreberg Gjerde i tillegg enda det til slutt med ein overbevisande 6–0 siger til heimelaget.

No står det berre att ei runde i denne avdelinga. Der skal Hødd 3 møte Gjerdsvika/LGFK 2 borte, medan Hasundgot og Hareid 2 spelar tøffe heimekampar mot høvesvis Sæbø og Åmdal.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: