Isak Gabriel Skotheim blei laurdag den første 2001-modellen med ein offisiell kamp for Hødd sitt A-lag, då han kom inn for Andreas Breimyr i det 75. speleminuttet. Skotheim-namnet er det nok mange som dreg kjensel på. Han er nemleg sonen til Hødd-legenda André Skotheim, som spelte 267 A-kampar for Hødd, og oldebarn av minst like legendariske Jon Sundal (315 A-kampar). John Åge Sundal og broren Geir Sundal, gamalonklane til Isak, har også rimeleg mange kampar for Hødd (begge over 350).

På tribuna laurdag var det nok ein veldig stolt pappa som såg Isak kome på bana til sin A-lagsdebut for dei blåkvite.

- Dette var veldig stort, og eg føler det viser at trenarane har trua på meg. Det er nesten så eg ikkje skjønar kva eg har fått vere med på. Dette er noko eg har gledd meg til lenge, sa ein litt skjelven Isak Skotheim til Vikebladet Vestposten etter kampen.

- Har sett han på video

Dei som hugsar André Skotheim i aksjon for Hødd veit veldig godt kor rask den tidlegare spissen var då han var på topp. Farta har sonen definitivt arva, men elles er dei ikkje spesielt like som fotballspelarar.

- For det første var han kjent for ein meget god venstrefot, medan eg nyttar høgrefoten. Elles så var han spiss, medan eg likar meg betre på midtbana, seier Skotheim.

Hausten 2006, då Isak var fem år gammal, spelte André Skotheim sine siste kampar for Hødd.

- Eg er jo ikkje gammal nok til å hugse å ha sett pappa spele for Hødd, men eg har sett han på video. Det er rart å få spele for Hødd, slik både han og mange andre i familien min har gjort, men også veldig spanande. Eg gler meg til fortsetjinga.

- Kan nå langt

Trenar Sindre Eid gav Isak Skotheim sjansen i siste heimekampen for sesongen, og meiner han representerer framtida til Hødd på ein god måte.

- Det som er så fint med Isak er at han speler på sin måte uansett kva lag han speler for, og uansett kva for nivå han gjer det på. Han er ein veldig spanande spelar, med gode ferdigheiter, og eit godt fotballhovud. Han kan nå langt, seier Eid.

Isak Skotheim hugsar ikkje å ha sett pappa André Skotheim spele for Hødd, men fortel lokalavisa at var stort å få gå i faren sine fotefar ut på Høddvoll-matta. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.