Eit slags svar på dette kan ein kanskje få tysdag, då Hødd legg turen til Gursken og River Plate. Der møtest Hødd og Larsnes/Gursken FK, men det er ei forsterka utgåve av 4.-divisjonslaget som møter dei blåkvite.

I A-troppen til Hødd finn ein nemleg fire karar som alle kjem frå Sande, og tysdag skal Steffen Moltu, Bendik Torset, Preben Sætre og Magnus Myklebust ikle seg heimelaget si drakt i kampen mot Hødd.

– Det blir truleg eit meir erfarent LGFK-lag enn det Hødd stiller med, trur Sindre Eid.

Dei siste tre åra har Hødd kvar haust spelt kampar til inntekt for TV-aksjonen. To gongar mot samansette lag frå søre Sunnmøre, og i fjor mot AaFK.

I år blir det ei litt anna ramme, men utgangspunktet er det same, å kunne gje noko tilbake.

– Inntektene til TV-aksjonen er det viktigaste når alt kjem til alt, fortel Hødd-trenar Sindre Eid. I år samlar aksjonen inn pengar til Unicef sitt arbeid, og Sindre Eid håpar difor at mange legg turen til River Plate tysdag og til det han trur blir ein interessant kamp.

– Det blir kjekt å møte eit forsterka Larsnes/Gursken-lag og vi håpar folk støtter opp om dett, for det viktigaste er å støtte ei god sak. Hødd er ein stor samfunnsaktør i Ulstein kommune og så mykje meir enn berre ein fotballklubb. At vi då kan vere med og stille opp og skape positiv blest for TV-aksjonen også i år er noko vi gjer med glede, seier Eid.

Både LGFK og Hødd er inne i si siste kampveke denne sesongen. Hødd spelar sin siste seriekamp laurdag, medan LGFK og Hødd 2 begge spelar kampar fredag. Det får litt å seie for Hødd-mannskapet, men Eid tek med seg ein slagkraftig tropp til Gursken.

– Vi har med 22 spelarar, og målet er at dei fleste skal få spele ein omgang. Det blir eit ganske ungt lag, men det er slik det som regel er med Hødd for tida.

Eid trur det forsterka LGFK-laget vil gje Hødd-spelarane god motstand på River Plate.

– Eg er ganske sikker på at det blir både tett og jamt, men det blir også litt godt med ein kamp der ein slepp å sitte med høg puls heile tida.

Trenaren slår samstundes fast at Hødd skal ta kampen på alvor.

– Vi reiser dit for å få ei god økt. Vi får ikkje trent så mykje denne veka før kampen på laurdag, og dermed blir dette ei viktig treningsøkt for oss.

Preben Sætre spelte for Larsnes/Gursken så seint som i 2013. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes
Bendik Torset spelte i Larsnes IL før han gjekk til Hødd.
Steffen Moltu kjem opphavleg frå Gursken IL.