Hødd stiller med følgande 11 frå start: Sivert Pieroth - Martin Mork Breivik, Aleksander Rekdal, Jesper Törnqvist, Bam Hide, Torbjørn Kallevåg, Eirik Franke Saunes, Sander Djupvik, Elias Flø, Gustav Dimmen, Robin Shroot.

- I dag er Larsnes/Gursken store favorittar, fortel Hødd-trenar Sindre Eid før kampen.

Heimelaget har mellom anna med Hødd-spelarane Magnus Myklebust, Preben Sætre, Steffen Moltu og Bendik Torset på sitt noko forsterka lag. Der spelte også den tidlegare Hødd-spelaren Andreas Rekdal.

6 min: LGFK med ein halvsjanse etter innlegg, men headinga gjekk utanfor.

7 min: Nytt LGFK-innlegg som går gjennom heile feltet. Nære på at det blei farleg for Hødd. Ender meg LGFK-corner.

15 min: Magnus Myklebust skudd frå skrått hald. Eit par meter utanfor, men LGFK farlegast i opninga.

Hødd har hatt  ballen mest, men heimelaget har skapt mest når dei har hatt den.

18 min: LGFK med svakt tilbakespel til keeper. Bam Hide og Gustav Dimmen jagar, men får berre delvis blokkert utspelet. Farleg!

24 min: Scoring HØDD! Gustav Dimmen har stressa forsvaret fleire gongar og får løn for strevet. Dimmen vinn ballen og blir felt av Steffen Moltu. Straffe til Hødd, som Eirik Franke Saunes sette trygt i mål.

25 min: LGFK rett i angrep, men skudd utanfor frå god posisjon.

27 min: Kjemperedning av Pieroth på skudd frå Torset. God posisjon og godt skudd, men keeper på rett plass.

28 min: Scoring HØDD! Bortelaget kontrar og Robin Shroot blir spelt gjennom. Gjer ingen feil og plasserer forbi Olav Rekdal til 0-2. To kjappe for Hødd, men kanskje litt flatterande.

33 min: Kjempesjanse Gustav Dimmen. Moltu bommar i duell med Dimmen, som kan stikke åleine gjennom. Flott redning frå Olav Rekdal hindrar Hødd sitt tredje.

34 min: Scoring LGFK! Preben Sætre blir spelt gjennom og scorar frå skrått hald. Litt ut av ingenting etter ei bra Hødd-periode, men fortent etter det som har skjedd tidlegare i omgangen.

35 min: Scoring HØDD: No skjer det mykje på River Plate. Hødd går rett i angrep etter reduseringa og Robin Shroot scorar sitt andre for kvelden.

43 min: Scoring HØDD! Ei perfekt kontring frå Hødd, der ballen gjekk raskt og presist. Martin Mork Breivik slår inn framom mål der Robin Shroot bankar inn sitt tredje for kvelden.

Før scoringa hadde ein ei rolegare periode. LGFK med litt meir spel, men utan særlege sjansar.

45: Frispark i god posisjon for Hødd. Shroot felt like utanfor 16-meteren. Kallevåg prøvar skudd, men keeper reddar.

PAUSE - Hødd med tremålsleiing etter den første omgangen. Litt flatterande er resultatet, etter at LGFK opna bra. Hødd klart mest effektive i den første omgangen.

Andre omgang: Hødd gjer ei rekkje byter på laget. Andreas Breimyr, Henrik Breimyr, Eirik Haugan, Daniel Eid, Bendik Rise, Robin Hjelmeseth, Badr Rahhaoui og William Fjørtoft kjem alle inn. Pieroth, Shroot og Kallevåg blir ståande frå den første omgangen.

48 min: Første forsøk i den andre omgangen. Fint oppspel til Shroot ute på høgre. Legg tilbake til Fjørtoft som bankar til, men skuddet eit par meter over.

54 min: Skudd frå Hjelmeseth blir blokkert av Moltu. Rahhaoui på retur, men avslutninga går over.

56 min: Stor sjanse Shroot etter innlegg frå William Fjørtoft. Får ikkje stokka beina skikkeleg og Olav Rekdal kastar seg over ballen.

60 min: Ballen i mål etter fint Hødd-angrep. Robin Hjelmeseth set ballen i mål, men blir vinka av for offside.

Ifølgje speaker er det samla inn 11.000 kroner i billettinntekter frå denne kampen. I tillegg kjem overskuddet frå kiosksal.

61 min: Scoring LGFK! Magnus Myklebust er sikker frå straffemerket etter at heimelaget blir tildelt straffe. 2-4 no på River Plate.

63 min: Hødd rotar i forsvar og Magnus Myklebust held på å utnytte det, men skuddet går utanfor. Hødd held på å rote vekk ballen igjen kort tid etter, men no får keeper frispark.

65 min: Steffen Moltu kjem høgast på eit frispark, men får ikkje heada ballen på mål.

66 min: LGFK tek eit kjapt frispark og Preben Sætre bankar ballen mot lengste krysset, men Pieroth slår unna. Småfarleg også på corneren etter.

67 min: Hødd kontrar og har fleire avslutningsmoglegheiter, men utan den rette avslutninga.

69 min: Hødd med ny kontring, men innlegget frå Hjelmeseth blir blokkert av Moltu. Hødd med eit par cornerar og Rahhaoui får ein stor sjanse på den siste, men utan å få ballen på mål frå kort hald.

75 min: Nesten sjølvmål frå Steffen Moltu, men ballen går i stolpen. På returen er Rahhaoui, men keeper står fram med ei kjemperedning for å hindre Hødd sitt femte.

78 min: Myklebust med skudd frå distanse. Prøvar å legge den over keeper, men Pieroth hadde kontroll.

80 min: Hjelmeseth med brukbart forsøk på frispark, men Rekdal slår ballen unna.

Magnus Myklebust gir seg for kvelden med åtte minutt igjen av kampen.

84 min: Scoring HØDD! Badr Rahhaoui blir spelt fram på høgresida av LGFK sin 16-meter og plasserer ballen ned i næraste hjørnet. LGFK-spelarane var sikre på at det var offside, men linjedommar heldt flagget nede.

87 min: Bendik Rise bankar ballen i tverra på eit frispark frå 18 meter. Veldig nære kampens sjette Hødd-scoring. Det var også veldig fint Hødd-spel før situasjonen som førte til frisparket.

90 min: Kallevåg med bra løp på venstre. Kan slå inn, men prøvar skudd. Blokkert til corner.

Slutt 2 - 5

Det blir Hødd-siger på River Plate i det som har vore ein underhaldande kamp. Hødd mest effektive i den første omgangen, og totalt sett er det nok fortent med siger til dei blåkvite, men det forsterka LGFK-laget beit absolutt godt frå seg, og skulle nok helst sett endå eit par scoringar på måltavla.