(Romsdals Budstikke): Fredrik Aursnes (21) blei hylla som eit funn etter overgangen til Molde. Så sa det bråstopp for ungguten, som aldri hadde opplevd motgang før.

Midtbanespelaren har hatt ei positiv kurve så langt i haustsesongen. Etter ein svak start på sesongen har han levert fleire gode kampar og målgjevande pasningar, seinast då Ruben Gabrielsen blei matchvinner mot Brann søndag.

– Det er godt å bidra med nokre målpoeng sidan det berre har blitt ei scoring i år. Eg har fått bra med speletid igjen dei fire-fem siste kampane og kjenner at det hjelper. Eg føler at eg har vist litt av kvalitetane mine, seier Aursnes.

Debuterte mot Sevilla

Han gjekk rett inn på laget før Europa League-kampane mot Sevilla då han kom frå Hødd for halvanna år sidan.

– Det starta bra og eg var heilt greit fornøgd med den første sesongen min i eliteserien, ikkje minst sidan eg kom rett frå 1. divisjon. Men eg synest ikkje at eg har levert godt nok i år, det skal eg innrømme. Eg har ikkje vore tilfreds med mine eigne prestasjonar. Eg har vore i god fysisk form heile tida, men eg hadde ein periode med dårleg sjølvtillit i sommar.

– Korleis har du takla den psykiske utfordringa?

– I byrjinga var det litt vanskeleg, fordi det var ei ny oppleving for meg. Eg har aldri opplevd slik motgang på fotballbana tidlegare. Eg merka at eg blei redd for å gjere feil med ballen. Etter kvart klarte eg å takle det greit. Eg måtte berre jobbe vidare og gi litt blaffen. Eg har lært meg å fortsetje prøve på ting sjølv om det går dårleg. Det nyttar ikkje å bli defensiv i tankesettet, seier Aursnes.

Les ikkje om seg sjølv i media

Han følte ikkje noko press då han kom til Molde frå Hødd. Forventingane har vore større denne sesongen, både frå han sjølv og omgjevnadane.

– Eg merkar det jo om folk ikkje er fornøgd, spesielt på tribuna når vi speler kamp. Men eg les aldri det som står om meg sjølv i avisene. Det har eg ikkje behov for, seier Fredrik Aursnes og smiler.

Han var fast bestemt på å kome over motgangen og vurderte aldri klubbskifte.

– Det har ikkje vore tema for meg, eg vil vere i Molde og lykkast her. Dersom utviklinga mi skulle stoppe opp, må eg sjølvsagt vurdere framtida. Men eg trivast godt i Molde og har to år igjen av kontrakta.

Trur Molde tek sølv

På grunn av skadesituasjonen til Eirik Hestad og Mathias Normann får Aursnes og Martin Ellingsen truleg fleire sjansar i sesonginnspurten.

– Det er fem kampar igjen og vi har alt i våre eigne hender. Vi må vinne våre eigne kampar, då speler det ingen rolle kva dei andre laga gjer. Eg er sikker på at vi er gode nok til å ta medalje, og meiner absolutt vi bør klare sølvet no. Det kan fort bli ein «finale» heime mot Sarpsborg i siste serierunde, trur Aursnes.

Han var ønska av Brann før overgangen til Molde. Lars Arne Nilsen var trenaren hans i Hødd. Der spelte han også saman med tremenningen Sivert Heltne Nilsen, som er Lars Arne sin son.

– Det er alltid spesielt å møte Brann og det er alltid ekstra kjekt å slå dei. Sivert er ein god kompis og det blir litt prestisje. Dei var destruktive og heldt nesten på å lukkast med taktikken. Heldigvis fekk vi den scoringa vi fortente mot slutten, seier Fredrik Aursnes.

Denne saka blei først publisert på rbnett.no. (For abonnentar).