Onsdag kveld går siste serierunde i årets 6.-divisjon avdeling 2. Avdelinga med dei 11 laga frå søre Sunnmøre  har blitt ei avdeling der Åmdal og Sæbø har gjort opp om dei første plassane, medan laga frå ytre kjempar om best mogleg plassering bak dei to topplaga.

Men før den siste serierunden er det framleis mykje som er uvisst i denne avdelinga. Det einaste som er heilt sikkert er at Moltustranda blir ståande med fem poeng denne sesongen, sidan laget allereie er ferdigspelte. Truleg ender dei også på 10.-plassen dei ligg på, så sant botnlaget Åheim/Stadt ikkje plutseleg skulle ta poeng borte mot Bergsøy 2.

Det mest spanande i avslutningsrunden er likevel kven som stikk av med 1.-plassen og rykkjer direkte opp. Der står det mellom Sæbø og Åmdal, med Sæbø eitt poeng framom.

Og det heile skal avgjerast i Ulstein og Hareid. For Hasundgot er vertskap for Sæbø, medan Hareid 2 tek imot Åmdal på Hareidsmyrane.

Før kampen ligg Hareid 2 på ein åttandeplass. I bestefall kan ein klatre opp til 6.-plassen, men då må det bli siger over Åmdal, samt at Tjørvåg må ta poeng frå Vartdal.

Hødd 3 kan stikke av med fjerdeplassen som Hasundgot har før siste serierunde. Dei to Ulstein-laga har ganske lik målforskjell, men Hasundgot har to poeng meir. Samstundes har Hødd 3 på papiret ein enklare kamp borte mot Gjerdsvika/LGFK 2 enn det Hasundgot har mot eit opprykksjagande Sæbø-lag.

Hasundgot avsluttar sesongen heime mot serieleiar Sæbø onsdag kveld. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll