Med siger i siste serierunde i 4.-divisjon ville Hareid sitt damelag ta sitt første KM-gull på 19 år. Laget som er leia av Anita Waage har kjempa med Hødd-rekruttane om førteplassen heile sesongen, men har den siste tida kopla grepet om toppen av tabellen.

Før siste runde hadde Hareid to poeng ned til Hødd, i tillegg til klart betre målforskjell. Laget kunne dermed truleg klart seg med uavgjort, men borte mot MSIL/Emblem vart det ingen tvil om kvar KM-tittelen skulle gå.

Caroline Overvåg sette inn dei to første for Hareid, før Victoria Røren la på til 0-3 like før pause. I den andre omgangen heldt Overvåg fram og sette inn to nye mål for raudtrøyene. Også Kristin Marø og Shaajeena Jeyathas meldte seg på, og til slutt vann Hareid med sju mål. Dermed tre poeng, avdelingssiger og KM-gull til Hareid.

Hareid har dermed vunne 13 av 15 kampar denne sesongen og står med 40 poeng. Laget har ikkje tapt ein einaste bortekamp, og einaste tapet på heimebane kom i ein tett kamp mot Hødd.

Vi gratulerer!