Etter mange års samarbeid med Umbro på utstyrsfronten offentleggjer Hasundgot IL no at idrettslaget har teikna avtale med ein ny leverandør. Frå 1. januar 2018 vil den italienske sportsutstyrsprodusenten Macron og deira norske leverandør Skandinaviske Sportsimport AS stå for drakter, treningskle og anna sportsutstyr til idrettslaget.

Avtale til 2022

Avtalen med Macron strekkjer seg fram til 2022. Det skriv Hasundgot IL i ei pressemelding.

– Macron har gjennom ein veldig god dialog med oss i Hasundgot overtydd oss om at dei er det rette valet for Hasundgot. Kombinasjonen av eit breitt spekter av utstyr, saman med ein god logistikk og vilje til å yte for klubbane, er vel det som har appellert mest, seier Runar Muren, leiar for Hasundgot Fotball i pressemeldinga.

Hasundgot følgjer dermed i fotspora til mellom anna Haugesund, Stabæk, Sanderfjord og Start her heime, samt lag som Lazio, Stoke City, Crystal Palace og Deportivo la Coruna ute i Europa.

Skandinaviske Sportsimport AS, som leverer Macron-produkt i Norge, har ifølgje pressemeldinga sitt hovudkontor i Haugesund. Dei er også i ferd med å opprette eit lokalkontor i Ålesund. Hasundgot skriv i pressemeldinga at handel av kle og utstyr hovudsakleg vil gå føre seg på nett, med levering i Hasundgot sine klubblokaler.