Åge Hareide, opphavleg frå Hareid, har sidan 2016 jobba som landslagssjef for det danske herrelandslaget i fotball. No er det klart at det danske fotballforbundet (Dansk Boldspil-Union) har forlenga kontrakten med Hareide, og at han i utgangspunktet skal halde fram i jobben fram til sommaren 2020. Det skriv det danske fotballforbundet på sine nettsider.

Det danske landslaget er klare for playoff om å ta seg til VM i Russland i 2018. For å kome dit må danskane slå ut Irland over to kampar.