Det er dermed eit svært ope spørsmål om kven som kjem til å sikre raskaste tid når årets utgåve av Vinterkarusellen på Hareid startar opp med novemberutgåva av Grimstadvatnet Rundt komande laurdag.

For etter at Ådne Andersen var suveren på første utgåva i fjor og sprang inn til 25,04 (4. beste tid på rankinga), var Olger Pedersen raskast på dei tre neste.

Vi må tilbake til februarløpet i 2016 for å finne ein annan vinnar. Då var det Iver Vattøy som brukte kortast tid på den 7,8 kilometer lange løypa. Olger Pedersen vann også to av løpa i 2015/16-utgåva av Vinterkarusellen, medan Joakim Tranvåg leverte sesongens beste tid med 25,41.

Det er ingen tvil om at Ådne Andersen og Olger Pedersen har dominert blant herrane dei siste åra, for sesongen før vann Andersen tre av fire løp.

Men denne gongen stiller ingen av dei, og det er dermed duka for at nye menn kan sikre seg bestetida i årets første løp. Og då gjeld det kanskje å nytte høvet, for Ådne Andersen varslar at han vil delta i desember.

I kvinneklassen har det vore større spreiing i vinnarane dei siste sesongane. Sist sesong vann Ingrid Festø, Trine Pilskog (x2) og Oda Renate Midtflø, medan Iselin Chemmai Sundgot (x2), Ingrid Festø og Jenny Stokkevåg Berg var raskast i 2015/16-løpa.

Også i denne klassen er det spanande å sjå kven som får opp dampen laurdag, og kanskje om nokon kan blande seg inn på topplistene. Ingrid Festø er siste kvinne som har sprunge seg inn på topp 10-lista, då ho sprang inn til tredje raskaste tid på rankinga i november 2016.

Grimstadvatnet Rundt blir arrangert fire gongar i løpet av sesongen. Løpa går første helga i kvar månad frå november til februar.

Vattøy-siger: Iver Vattøy sin siger i februar 2016 er siste gongen det ikkje var Olger Pedersen eller Ådne Andersen som var raskast rundt Grimstadvatnet. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes
Nest-raskast: Berre Ragnhild Kvarberg har vore raskare enn Trine Pilskog av kvinnene. Pilskog vann to av fire utgåver av Grimstadvatnet rundt sist sesong. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll