Tre av fire: Olger Pedersen var raskast i tre av fire utgåver av Grimstadvatnet rundt sist Vinterkarusell. i siste løpet slo han også til med ei tid som tok han opp på 14.-plass på topplistene. Ådne Andersen vann første utgåva av Grimstadvatnet rundt sist sesong.
            (Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll)

Tre av fire: Olger Pedersen var raskast i tre av fire utgåver av Grimstadvatnet rundt sist Vinterkarusell. i siste løpet slo han også til med ei tid som tok han opp på 14.-plass på topplistene. Ådne Andersen vann første utgåva av Grimstadvatnet rundt sist sesong.Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Grimstadvatnet rundt:

Kven tek over på toppen?

Ådne Andersen vann det første, medan Olger Pedersen tok dei tre neste løpa i førre utgåve av Vinterkarusellen på Hareid. Laurdag stiller ingen av dei, og det er dermed duka for ein «ny» vinnar.

Det er dermed eit svært ope spørsmål om kven som kjem til å sikre raskaste tid når årets utgåve av Vinterkarusellen på Hareid startar opp med novemberutgåva av Grimstadvatnet Rundt komande laurdag.

For etter at Ådne Andersen var suveren på første utgåva i fjor og sprang inn til 25,04 (4. beste tid på rankinga), var Olger Pedersen raskast på dei tre neste.

Vi må tilbake til februarløpet i 2016 for å finne ein annan vinnar. Då var det Iver Vattøy som brukte kortast tid på den 7,8 kilometer lange løypa. Olger Pedersen vann også to av løpa i 2015/16-utgåva av Vinterkarusellen, medan Joakim Tranvåg leverte sesongens beste tid med 25,41.

Det er ingen tvil om at Ådne Andersen og Olger Pedersen har dominert blant herrane dei siste åra, for sesongen før vann Andersen tre av fire løp.

Men denne gongen stiller ingen av dei, og det er dermed duka for at nye menn kan sikre seg bestetida i årets første løp. Og då gjeld det kanskje å nytte høvet, for Ådne Andersen varslar at han vil delta i desember.

I kvinneklassen har det vore større spreiing i vinnarane dei siste sesongane. Sist sesong vann Ingrid Festø, Trine Pilskog (x2) og Oda Renate Midtflø, medan Iselin Chemmai Sundgot (x2), Ingrid Festø og Jenny Stokkevåg Berg var raskast i 2015/16-løpa.

Også i denne klassen er det spanande å sjå kven som får opp dampen laurdag, og kanskje om nokon kan blande seg inn på topplistene. Ingrid Festø er siste kvinne som har sprunge seg inn på topp 10-lista, då ho sprang inn til tredje raskaste tid på rankinga i november 2016.

Grimstadvatnet Rundt blir arrangert fire gongar i løpet av sesongen. Løpa går første helga i kvar månad frå november til februar.

Topp 10 kvinner:
  • 1. Ragnhild Kvarberg 26.51
  • 2. Trine Pilskog 27.05
  • 3. Ingrid Festø 29.13
  • 4. Jenny Stokkevåg Berg 30.29
  • 5. Veslemøy Hausken 30.34
  • 6. Karete Nesset 31.23
  • 7. Kristine Engeset 31.40
  • 8. Hege Holstad 31.49
  • 8. Ingrid Holstad 31.49
  • 10. Ingun Eikrem Olsen 31.58
  • Topp 10 menn:
  • 1. Marius Bakken 22.50
  • 2. Jan Magne Breivik 25.00
  • 3. Jørn Helge Egset 25.03
  • 4. Ådne Andersen 25.04
  • 5. Robert I. Kleppe 25.21
  • 6. Petter Nørve 25.24
  • 7. Terje Gautvik 25.34
  • 8. Kristian Nedregård 25.37
  • 9. Joakim Tranvåg 25.41
  • 10. Arnfinn Oksavik 25.44
Vattøy-siger: Iver Vattøy sin siger i februar 2016 er siste gongen det ikkje var Olger Pedersen eller Ådne Andersen som var raskast rundt Grimstadvatnet.
            (Foto: Andreas Steinnes Bjerknes)

Vattøy-siger: Iver Vattøy sin siger i februar 2016 er siste gongen det ikkje var Olger Pedersen eller Ådne Andersen som var raskast rundt Grimstadvatnet.Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Nest-raskast: Berre Ragnhild Kvarberg har vore raskare enn Trine Pilskog av kvinnene. Pilskog vann to av fire utgåver av Grimstadvatnet rundt sist sesong.
            (Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll)

Nest-raskast: Berre Ragnhild Kvarberg har vore raskare enn Trine Pilskog av kvinnene. Pilskog vann to av fire utgåver av Grimstadvatnet rundt sist sesong.Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: