Over nyttår er nemleg ungjenta som senior å rekne, og i det som var hennar siste juniorkonkurranse vart det levert nokre svært sterke prestasjonar.

For fjerde året på rad deltok ho under Mälarcupen i Stockholm og for fjerde gong hamna ho på podiet.

I den innleiande firekampen tok nemleg Eiken Fosse ein sterk tredjeplass, bak to finske gymnastar. Og det kunne ha gått endå betre. Ho hadde nemleg beste poengsum i både hopp, skranke og frittståande, og leia dermed konkurransen før ho skulle i gang med bom.

– Edel Charlotte turna veldig godt i tre av fire apparat. Før siste øvinga leia ho med nesten to poeng, men ho fekk dessverre to fall i bommen, fortel trenar Vidar Fosse.

Sjølv om det blei to fall i siste øvinga, heldt totalsummen 46,650 likevel til ein tredjeplass og det i konkurranse med 61 utøvarar.

To apparatgull

Dei sterke prestasjonane i tre av øvingane førte også Eiken Fosse til apparatfinalar i tre apparat sundag. Der turna ho til 11,900 poeng i Skranke og til 12,550 poeng i frittståande. Begge deler heldt til gull. I ei svært tett hoppfinale vart det fjerdeplass på Eiken Fosse med 12,650 poeng. Finske Ada Hautala vann her med 12,825.

– I skranken leverte Edel Charlotte karrierebeste og hadde beste karakter i øvinga uansett klasse. Også i frittståande turna ho svært godt. Det er krevjande å prestere like godt to dagar etter kvarandre, fortel Vidar Fosse.

Dette var Edel Charlotte Eiken Fosse si siste konkurranse som juniorgymnast. Frå nyttår vil ho vere senior, og no skal ho bruke dei komande månadane på å terpe nye øvingar, samt å heve vanskegraden.

– Måla for neste år er å etablere seg som fast seniorlandslagsutøvar, samt å kvalifisere seg til EM i Glasgow og VM i Doha. Før dette vert det kvalifiseringskonkurransar, seier Vidar Fosse.

Landslagstrenar til Ulsteinvik

Han legg til at gymnasten får besøk frå landslagssjefen for turn kvinner i slutten av månaden.

– Bakgrunnen for besøket er å kartlegge korleis vegen vidare skal utformast for Edel Charlotte. Både eg som trenar og Edel Charlotte gler oss til dette, fortel Fosse.

To apparatgull: Både i skranke og frittståande vart det førsteplass til Edel Charlotte Eiken Fosse under Mälarcupen. Ho var også nære i hopp, men der enda ho på fjerde. Foto: Vidar Fosse. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes