Det skriv dagleg leiar i Hødd, Oddmund Davik Otterlei, i ei pressemelding laurdag ettermiddag.

- Alle gutane er frå Ulsteinvik eller lokalområdet rundt oss, og har prestert godt for Hødd gjennom mange år. No i år har dei først og fremst spelt på Hødd sitt seniorlag i 4. divisjon (Hødd2), men dei har tidvis hospitert med A-laget og fleire av dei har også vore i A-lagstroppen ved eit eller fleire høve, og Håkon og Isak har også fått speletid i Post-Nord ligaen for Hødd i år, seier Otterlei.

Håper dei blir viktige for Hødd

I perioden som fungerande sportssjef jobba André "Skotty" Skotheim med å få på plass ein slik modell i klubben.

- Eg håper og trur at nokre av desse skal bli viktige for Hødd i åra framover. Ein av dei har alt avgjort ein seriekamp for Hødd sitt A-lag, då Håkon Brautaset kom inn frå innbytarbenken og blei matchvinnar mot Vindbjart. I tillegg har jamnaldringane Bendik Rise, Eirik Franke Saunes og Daniel Eid vist veg for desse gjennom sine prestasjonar på A-laget i år.

Skotheim seier samstundes at Hødd har mange unge, spanande juniorspelarar i klubben som klubben har store forventingar til.

- Vi håper at fleire av dei vil banke sterkt på A-lagsdøra i tida framover, seier "Skotty".

Langsiktig plan

Hødd beskriv situasjonen i dag som liknande den situasjonen klubben var i for 8-10 år sidan.

- Då rykte vi ned til 2. divisjon samstundes som vi hadde eit uvanleg godt juniorlag. Klubben la ein plan om at vi skulle bruke litt tid på å rykke opp igjen i 1. divisjon, tre år om naudsynt, og vi skulle våge å løfte fram og satse på mange av våre juniorspelarar som ein del av denne planen. Dette kombinert med spelarar på høgt nivå som vi skulle hente utanifrå. Den gongen rykte vi opp andre året, fleire enn ti frå juniorstallen kom på A-laget etter kvart, og vi presterte godt i serie og cup med denne gjengen over ein lang periode. Fleire speler no på høgare nivå og nokre er framleis i klubben, skriv Hødd i pressemeldinga.

Modell for spelarlogistikk

Hødd skriv vidare:

- I 2016 arbeidde klubben, saman med Norsk Toppfotballsenter, med ein modell for spelarlogistikk. Styret har i vår beslutta å implementere ein modell som gir ei sterk føring på at klubben skal satse på miksen av eigne unge og lovande, lokale/regionale seniorar med erfaring frå norsk toppfotball, i tillegg til spelarar som er klare val i sin posisjon og som «sikrar» kvalitet og nivå sentralt i laget. Dei sistnemnde kan gjerne vere henta eksternt og då nasjonalt eller internasjonalt.

- Med dette understrekar vi at vi ønskjer oss tilbake til norsk toppfotball og at dette skal vere gjennom ein miks av «eksterne» spelarar og lokale, ambisiøse og lovande gutar, og at styret og administrasjonen i klubben ønskjer ein sterkare lokal profil sidan vi no har ein unik sjanse til å byggje eit nytt fundament med mange av våre eigne; mykje likt med det vi gjorde for 8-10 år sidan. Denne delen av modellen for spelarlogistikk kallar vi for «formuesforvaltinga» vår, og denne modellen skal vi rullere år for år framover der vi gjer slike vurderingar for våre sisteårs juniorar, seier André Skotheim.

Som også ønskjer å understreke at dette ikkje er til hinder for at rekruttspelarar kan bli løfta permanent opp i A-stallen uavhengig av alder dersom ein finn det rett.

- Glade for signeringane

Hødd vil i 2018 ha seniorlag både i 2. og 3. divisjon.

- Vi er glade for at desse lokale unggutane no har signert kontrakt med Hødd og blir med oss også i 2018, seier Skotheim.

A-trenar Sindre Eid og rekruttrenar Sander Nyland Håskjold seier ifølgje klubben at dei gler seg til få jobbe vidare med dei aktuelle spelarane i tida framover.

- No ved oppstarten av førebuingane til 2018 sesongen vil gutane inngå i rekruttstallen, men jamleg hospitere med a-laget, avsluttar Skotheim.

Hødd presiserer samstundes at styreleiar Håvard Haanes stiller seg bak klubben sin modell for spelarlogistikk, men at han har meldt seg inhabil i saka elles inkludert sport sitt val av spelarar i og med at han har gutar som er aktive på juniornivå i klubben.