Her står A-lagstrenar for herrane, Kenneth Moldskred, saman med årets spelar og toppscorar på damelaget, Caroline Overvåg. Til høgre for Overvåg står årets spelar på A-laget til herrane, Henrik Grimstad, og Antoni Gardshol, årets spelar på andrelaget.
            (Foto: Hareid IL.)

Her står A-lagstrenar for herrane, Kenneth Moldskred, saman med årets spelar og toppscorar på damelaget, Caroline Overvåg. Til høgre for Overvåg står årets spelar på A-laget til herrane, Henrik Grimstad, og Antoni Gardshol, årets spelar på andrelaget.Foto: Hareid IL.

Hareid IL:

Overvåg og Grimstad blei årets spelar

Fotballgruppa i Hareid IL heidra sine eigne under årsfesten på Melshorn Hotell fredag.

Den årvisse tradisjonen med å heidre sine eigne spelarar etter ferdigspelt sesong gjekk av stabelen på Melshorn Hotell fredag kveld. Rundt 60 fotballspelarar, trenarar og medlemmar av støtteapparata var til stades.

Årets spelar og toppscorar

Der blei det klart at årets spelar på damelaget blei Caroline Overvåg. Ho blei også toppscorar. Hanna Holstad Grimstad blei årets unge spelar.

På herrane sitt A-lag var det Henrik Grimstad som blei årets spelar. Her var det Martinus Bakken som vart toppscorar. Henrik Holstad Hareide blei årets unge spelar.

På andrelaget til herrane var det Antoni Gardshol som blei kåra til bestemann, medan toppscorar var Thor Ove Brekke.

Kevin Øvrelid blei årets toppscorar på tredjelaget.

Elles kan ein nemne at seniorgruppa fekk velfortent heider.

- Det var ein fin årsfest på hotellet, der vi fekk gi ein liten ekstra heider til fleire av alle dei dyktige folka i denne klubben, seier dagleg leiar i Hareid IL, Anita Waage, til Vikebladet Vestposten.


Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: