Det enda "berre" 0-0 heime i Parken for Danmark i den første av to playoff-kampar om å få spele VM i Russland i 2018. Dermed måtte laget klare minst eit tilsvarande resultat tysdag, dersom Åge Hareide skulle få delta i sitt første store internasjonale meisterskap som trenar.

Oppgåva vart klart vanskelegare allereie etter seks minutt på Aviva Stadium i Dublin, då heimelaget tok leiinga, men Danmark slo tilbake med to scoringar før pause. I den andre omgangen auka dei leiinga to gongar, før Nicklas Bendtner fastsette sluttresultatet med straffescoring på overtid. Med ein knallsterk 5-1 siger på bortebane sikra dermed det danske landslaget VM-deltakinga i 2018-meisterskapen.

64 år gamle Hareide har tidlegare vore norsk landslagssjef, men i perioden han leia det norske landslaget klarte ikkje Norge å kvalifisere seg til verken VM eller EM. Dermed blir VM i Russland hans første sjanse til å leie eit landslag i eit stort internasjonalt meisterskap.

Dette er femte gongen Danmark tek seg til eit VM i fotball.