Torsdag reiste Hødd til Color Line Stadion for å møte Brattvåg til treningskamp. Med ein månad sidan sesongslutt, og fleire månader til neste teljande kamp for dei blåkvite handla denne kampen hovudsakleg om å la spelarar vise seg fram.

Frå start hadde nemleg Hødd med både keeperen Alexander Hovdevik og midtstopparen Kristoffer Hay. Hovdevik har vore i Ranheim den siste sesongen, men 25-åringen har også vore innom klubbar som Rosenborg og Kristiansund.

Kristoffer Hay (19) har vore i Vålerenga sidan sommaren 2016, etter å ha spelt fleire sesongar i Hønefoss.

– Vi fekk sett litt på nokre spelarar, og det var hovudpoenget. Vi fekk sett både dei som prøvespelte, men også ein del av rekruttane våre. Det var verdifullt, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Best i første, meir rot i andre

Sjølve kampen enda 0-0, men Sindre Eid meiner Hødd lenge var det førande laget.

– Vi var klart best første halvtimen. Då køyrde vi over dei og hadde ballen nesten heile tida. Siste kvarteret av førsteomgangen vart vi litt for utolmodige. Sidan vi var så mykje betre så vart spelarane for ivrige i jakta på scoring og då spelte vi på oss ein del brot. Andreomgangen synest eg vart meir rotete, der vi også gjer fem-seks byter og spelte med nokre spelarar i uvane posisjonar. Til dømes var Robin Hjelmeseth inne som indreløpar. Totalt sett er det uansett ein kamp der vi får gode svar, seier Eid.

Svara handlar mellom anna om dei to prøvespelarane, men også dei fem rekruttane som fekk prøve seg i løpet av kampen.

– Dette blir tatt med som ein del av vurderinga når vi skal sette neste års A-stall, sjølv om ein kamp åleine ikkje vil vere med på å avgjere den biten.

Skal evaluere det ein har sett

Eid meiner dei Hovdevik og Hay kom godt frå kampen på Color Line Stadion.

– Alexander viste at han er ein god keeper. Han har vore med nokre år og spelt ein del i Obosligaen. Det er ein solid og god keeper. Der blir det ei vurdering dersom det viser seg at ”Jalle” (Jan-Lennart Urke) held fram i Aalesund. Då kan ikkje vi stå att med så få keeperar når vi skal spele på to så tøffe arenaer i 2.- og 3.-divisjon. Kristoffer viser også at han er eit spanande emne. Ein robust og stor stoppar med potensial. Der må vi vurdere opp mot andre alternativ vi har. No skal vi evaluere litt det vi har sett. Det er fleire spelarar som er aktuelle og så får vi heller konkludere seinare.

Eid legg ikkje skjul på at stopparplassen er ein der Hødd ikkje har for mange å velje i, og der det også er tynt i rekkene på rekruttlaget.

– I utgangspunktet har vi berre éin ung stoppar i klubben no, Aleksander Rekdal. Han er spanande, men vi skal spele 3.-divisjon med rekruttlaget neste år og akkurat no har vi litt tynt med stopparar i klubben. Det er også noko rekruttrenarane har etterlyst, fordi dei også ser ei utfordring neste år. '

Spelarar utanfrå skal styrke laget

Men dersom Hødd skulle hente ein type som Kristoffer Hay, så blir ikkje det for å spele på rekruttlaget.

– Dei vi hentar utanfrå skal i utgangspunktet vere spelarar som kan gå rett inn i A-laget. Vi fekk eit tips på Kristoffer frå Amund Skiri og ønskte å sjå litt på han. Det har vi fått gjort og så må vi vurdere heilskapen i det.

Eid har tidlegare snakka om at Hødd kan ha godt av å få inn litt meir erfaring og tidlegare i veka vart det klart at Joakim Wrele vender tilbake til Hødd. Eid slår også fast at ein ikkje ønskjer å hente inn unge spelarar som blir direkte konkurrentar til dei av Hødd sine unggutar som bankar på døra til A-laget.

– Det er uaktuelt, seier Eid.

I staden må det eventuelt vere spelarar som allereie er der at dei vil styrke førsteellevaren i Hødd.

Hødd har også ein del spelarar på utgåande kontrakt. To av dei, Robin Shroot og Torbjørn Kallevåg, er allereie klare for nye utfordringar.

– Vi har gjennomført samtalar med spelarane på utgåande kontrakt, for å kartlegge litt kva spelarane tenkjer. Når vi spelar i 2.-divisjon så er det ikkje berre fotball det handlar om. Det er situasjonar rundt jobb, skule og meir til. Der er det ein kabal som skal gå opp, fortel Hødd-trenaren.

Hødd stilte dette laget frå start mot Brattvåg: Alexander Hovdevik - Eirik Haugan, Kristoffer Hay, Steffen Moltu - Martin Mork Breivik, Bendik Torset, Elias Flø, Eirik Franke Saunes, Preben Sætre - Magnus Myklebust, Håkon Botn Brautaset.

I den andre omgangen kom William Fjørtoft, Daniel Eid, Robin Hjelmeseth, Gustav Dimmen, Badr Rahhaoui og Sander Djupvik inn.