Onsdag kveld spelte Hødd United kamp i Ulsmohallen mot Stryn United. Raudtrøyene frå Sogn og Fjordane la onsdagskvelden til Ulsteinvik der dei to laga kunne by på ein svært spanande fotballkamp.

- Jaaaaaa!

Det er spelarane til Stryn United som kan juble først. Ole Johnny bankar til frå langt hald, og sjølv om Hødd United stiller med to mann i mål, så går ballen inn.

Knappe minuttet seinare må Hødd sine to keeperar, Bjarte Morstøl og Terje Halle, plukke ein ny ball ut av nettet. 0-2 tidleg i kampen, men Hødd United gir ikkje opp. Direkte frå avspark blir ballen lempa fram mot Stryn sitt mål, og no klarar ikkje bortelaget lenger å stå imot. 1-2 kjem raskt, deretter 2-2. Før pause har Hødd tatt over leiinga for første gong i kampen og det står 4-3.

Kjapp pause

Spelarane er ivrige. Henning Myrene gir nokre kjappe instruksar, og dommar Bård Dalen har knapt fått summa seg etter den innhaldsrike førsteomgangen før spelarane på begge lag er klare til å ta avspark på nytt.

Og det ser ikkje ut til å vere noko i vegen med energinivået. Også den andre omgangen blir både innhaldsrik og ikkje minst målrik.

Stryn utliknar tidleg, men Hødd United slår tilbake nesten umiddelbart, då kaptein Anna Dalhaug tek ansvar. Kampen bølgjar fram og tilbake. Skal Stryn få revansj frå tapet i sommar?

Mot slutten går laga vekk frå å spele med fem utespelarar. Plutseleg er dei minst sju på kvart lag, men scoringar blir det framleis i begge endar av banen.

Avslutta med felles samling

Stig Normann Krøvel scorar to kjappe mål for Hødd United. Han viser tydleg kva det betyr og legg jublande på sprang rundt i hallen, før han avsluttar med ei feiring som liknar på Cristiano Ronaldo.

Om det ender med heimesiger, eller om Stryn United fekk med seg utlikninga i dei hektiske sluttminutta er litt vanskeleg å svare å på, men dei fleste på bana ser ut til å vere fornøgde med kampen. Og ikkje minst med at laga skal samlast på Høddvollhuset for ei felles juleavslutning.

- Pizza!! ropar fleire i det dei er ferdige med lagbiletet og kan sette kursen mot ei sosial og velsmakande avslutning på kvelden.

Hødd United er kjekt. Det ser ein både på spelarane og på dei som følgjer med frå sidelinja. Også for trenarane/lagleiarane Fatima Bergseth, Bård Dalen og Henning Myrene er det svært mykje positivt å hente gjennom samveret med både ivrige og noko mindre ivrige fotballspelarar.

Ønskjer seg fleire hjelparar

Tilbodet er likevel så populært at det kan vere utfordrande for trenarane å gje alle eit gode nok utfordringar.

- Vi kan ha treningar med godt over 20 deltakarar. Dei er på veldig ulike nivå, der nokre så vidt kan springe, medan andre nesten spring for mykje, smiler Bård Dalen.

Det gir trenarane nokre utfordringar, for treningane bør også tilpassast dei ulike nivåa til spelarane. Slik at alle kjenner meistring og alle blir utforda.

For å få til dette skulle Hødd United helst hatt inn eit par hjelparar ekstra på trenarsida. Bård Dalen fortel at det ikkje er nødvendig å vere med på alle treningane, men at meir hjelp ville vere ein stor fordel for gruppa. Spesielt dersom nokre av dei faste er vekke.

- Det er berre å ta kontakt! slår Bård Dalen fast.

DuO: Terje Halle og Bjarte Morstøl samarbeidde om å passe målet til Hødd.
Stor Innsats: Begge lag la ned mange meter, og det blei etter kvart scora mykje mål i ein underhaldande kamp.