Amani Mbedule var på utlån til Hødd første halvdelen av sesongen. Laurdag sette han inn Notodden si fjerde scoring, då laget slo Fredrikstad 5-3 i den andre playoff-kampen om plass i neste års Obosliga. Med det resultatet slår Notodden følgje med Nest-Sotra opp i Obosligaen, medan Fredrikstad skal ned i 2.-divisjon.

Det betyr at det siste laget til neste års 2.-divisjon er klart, men avdelingsoppsettet for 2018 er ikkje offentleggjort endå.

Denne sesongen har Hødd vore i ei avdeling der laga hovudsakleg har kome frå Sør- og Vestlandet, men med nokre lag frå Trøndelag og Austlandet. I avdeling 1 var det hovudsakleg lag frå Austlandet, samt laga frå Nord-Norge, som var samla.

Desse laga skal spele 2.-divisjon i 2018:

Nedrykk frå Obosligaen: Arendal, Elverum, Fredrikstad

Frå 2.-divisjon 2017: Fram Larvik, Asker, Bærum, Odd 2, Hødd, Bryne, Vidar, Vard, Hønefoss, Egersund, Raufoss, Nybergsund, Alta, Nardo, KFUM, Skeid, Kjelsås, Grorud, Vålerenga 2.

Opprykk frå 3.-divisjon: Brattvåg, Fløy, Stabæk 2, Moss, Stjørdals-Blink, Mjølner.