Denne helga vart det arrangert Futsal Cup for J/G14 i Hatlane- og Larsgårdshallen, medan J/G19 var i aksjon i Voldahallen. Dette var årets første futsal-turneringar i regi av Sunnmøre Fotballkrets, og laga frå Hødd beit svært godt frå seg.

Hareid vann B-finalen

I J14-klassa stilte eitt lag frå Hareidlandet. Hareid-jentene spelte uavgjort 1–1 mot Sykkylven IL, men klarte ikkje hamle opp med Aksla Kvit og FK Sykkylven. Det vart det B-mellomspel for Hareid, og her vart det ein siger, eitt tap og ein uavgjortkamp. Dermed fire poeng og ein andreplass i gruppa bak Langevåg Gul. Det gav plass i semifinalen, og no hadde Hareid for alvor fått opp dampen. Tuva Selvik Høybakk, Kristiane Worren og Helene Sjåstad Kleppe scora kvar sin gong og sende Hareid til B-finale med 3–0 siger over Sykkylven IL. Der møtte Hareid Langevåg Gul, som dei også spelte mot i mellomspelet, men denne gongen var Hareid sterkast. Helene Sjåstad Kleppe og Kristiane Worren scora kampens einaste mål, og Hareid vann dermed B-sluttspelet i J14-klassa.

Siger til Hødd 1

I guteklassa stilte både Hareid og Hødd med lag. Hødd stilte faktisk med tre lag. Hødd 1 vann si gruppe med tre strake sigrar, medan Hødd 2 kom på andreplass i si gruppe bak Ørskog. I denne gruppa spelte også Hareid, men med to poeng, etter uavgjort mot dei to topplaga, gjekk vegen vidare til B-mellomspelet, dit Hødd 3 slo følgje.

To Hødd-lag var likevel vidare til A-mellomspel, der dei hamna i same gruppe. Hødd 1 vann gruppa med sju poeng, poenget framom Rollon United. Hødd 2 tok tredjeplassen, men kom ikkje vidare til semifinale.

Hødd 1 møtte Ørskog i A-semifinale og Fredrik Gjerde scora to gongar i løpet av dei første fem minutta for å gje Hødd 1 eit solid overtak. Asbjørn Sævik la på til 3–0 før Daniel Notanes Brandal sette 4–0 og punktum.

Dermed finale for Hødd 1, der dei blåkvite møtte Rollon City. Daniel Notanes Brandal sette punktum i semifinalen, men scora opningsmålet i finalen, før Asbjørn W. Sævik avslutta det heile med to kjappe scoringar i sluttminutta. 3–0 til Hødd 1 og finalesiger. Daniel Notanes Brandal vart toppscorar i guteklassa med sine ni mål.

Semifinale-exit

I Voldahallen var det J19 og G19 som gjorde opp om Futsal Cup-trofé. Hødd stilte to lag i jenteklassa. Hødd 1 tok seg vidare til mellomspelet etter å ha slått Ørsta og MSIL, men dei klarte ikkje hamle opp med Blindheim og FK Sykkylven, som toppa gruppa. I mellomspelet vart det siger over Ravn, men tap for FK Sykkylven for Hødd-jentene.

Det heldt til semifinale, der det vart eit nytt møte med Blindheim IL. Her fekk Hødd ein tøff start, med to kjappe baklengsmål. Therese Holstad reduserte etter 12 minutt, før Blindheim sette 3–1 kort tid seinare. Holstad var igjen på plass og sette inn 3-2, men sjølv om Hødd pressa på for ei utlikning så blei det til slutt tap og Blindheim tok seg vidare til finalen.

Seks lokale lag

I G19-klassa stilte Hødd med fire lag og fekk selskap frå Hasundgot og Hjørungavåg. Både Hødd 1 og Hødd 2 tok seg vidare til mellomspelet på kvar sin andreplass i innleiande gruppespel – begge med like mange poeng som førsteplassen i gruppa. Hødd 3 og Hødd 4 tok seg også vidare etter å ha hamna på to tredjeplassar i sine grupper, medan Hasundgot og Hjørungavåg rauk ut etter gruppespelet.

I mellomrunden viste både Hødd 1, Hødd 2 og Hødd 4 at dei ville vere å rekne med. Begge vann sine grupper, Hødd 4 etter tre uavgjorte kampar, medan Hødd 3 måtte takke for seg.

Hødd 1, Hødd 2 og Hødd 4 var dermed klare for kvartfinale, men det skulle ikkje bli enkelt å ta seg heilt til finale. Hødd 2 møtte Ørsta Svart i det som blei ein tett kamp i Voldahallen. Ingen av laga fekk ballen i mål i løpet av ordinær tid, og det måtte dermed straffekonk til for å skilje laga. Der vann Hødd 2 6–5 og tok seg dermed vidare.

Det gjorde ikkje Hødd 1. Kristian Vatsaas utlikna to gongar mot Herd, siste gongen berre 40 sekund før slutt, men Herd gjekk rett i angrep og sette inn 3–2. Spesielt surt for Hødd som fekk ikkje fekk godkjent eit mål tidlegare i kampen fordi dommar blåste frispark til Hødd.

Hødd 4 fekk ein vanskeleg kamp mot Blindheim. Håkon Bjørdal Leine var svært målfarleg og scora to berre i løpet av dei første fem minutta. Før kampen var over hadde han putta tre gongar til, og med ei scoring frå Emil Matias Karsson vart det ein overbevisande 6-0 siger for Blindheim.

Hødd 2 til topps

Med Hødd 1 og Hødd 4 ute var det opp til Hødd 2. Dei møtte Ørskog Blå i semifinalen og der vart det etter kvart ein komfortabel siger til dei blåkvite. Bastian Rasmussen og William Fjørtoft bytta på å score til det stod 4-0, før Petter Haddal Worren sette inn kampens siste mål på tampen. 5–0 og finaleplass mot Herd.

Dette skulle bli ei svært spanande finale. Allereie etter eitt minutt sende William Fjørtoft Hødd-laget i leiinga, men Parfait Bizoza utlikna berre nokre minutt seinare. Herd-spelaren skulle også kome i fokus seinare i kampen, men då på grunn av andre ting enn scoringar.

Etter 11 minutt gav Mohammed Elkington Herd leiinga, men Eirik Franke Saunes utlikna berre kort tid etter avspark og då tok det berre eit par minutt for Bam Hide sette inn Hødd sitt tredje i kampen.

Tre minutt før full tid gjekk det hardt utover dommar Birger Breivik. Ifølgje arrangørane sine liveoppdateringar frå finalen fekk han eit ublidt møte med nemnde Bizoza etter ein duell ute ved sidelinja. Det enda med at Breivik hamna oppe på tribunen og måtte overlate fløyta til tredjedommar dei siste minutta. Herd-spelaren fekk raudt kort etter hendinga, og Herd måtte dermed spele med ein mann mindre i to av dei siste tre minutta.

Hødd-laget heldt leiinga heilt inn, og kunne dermed juble for gull i Futsal Cup. Hødd 2 stilte dette laget: Sivert Pieroth, Eirik Franke Saunes, William Fjørtoft, Gustav Brandal Dimmen, Bam Hide, Petter Haddal Worren, Bastian Rasmussen, Sveinung Tilseth Sæterås.

Hareid sitt J14-lag tok seg til finalen i B-sluttspelet og der slo dei Langevåg Gul 2-0. Foto: Hareid IL