Ungjenta imponerte mellom anna med å ta andreplassen i firekampen i klasse 1. Her sikra ho seg karrierebeste med ein totalsum på 56,400. Dette i tøff konkurranse i ei klasse med 43 deltakarar.

Her var ho også uhyre nære å plukke med seg gullet, og enda til slutt berre 0,05 poeng bak gullvinnar Helene Hagen-Aase. Eiken Fosse hadde betre poengsum i både hopp, skranke, og frittståande, men noko lågare poengsum i bom, og det var denne øvinga som vippa resultatet i fordel vinnaren.

Dei gode prestasjonane i firekampen førte også til at ungjenta var klar for to apparatfinalar neste dag.

I skrankefinalen sikra ho seg sølvet med 15,700 poeng. Berre Seier Marie Andersen var betre. Eiken Fosse hadde ikkje like høg vanskegrad på si øving, men var den i finalen som fekk mest poeng for utføringa.

Fantastisk sesongavslutning

Også i bom-finalen skulle det ende med sølv til Pernille Eiken Fosse. Her turna ho til 15,000 poeng og var 0,300 poeng bak vinnaren Helene Anker Eide.

Dermed to finalesølv og sølv i firekampen. Eiken Fosse var i tillegg ein del av kretslaget for Møre og Romsdal, og her blei det også sølv til jentene.

– Ei fantastisk avslutning på årets sesong for Pernille, slår trenar og far Vidar Fosse fast.