Vel ein månad etter at Karsten Warholm vart kåra til årets mannlege "Rising Star" i Europa av det europeiske friidrettsforbundet, fekk han fredag kveld overrekt ein tilsvarande pris frå det internasjonale friidrettsforbundet IAAF. Denne prisen gjeld friidrettsidrettsutøvarar frå heile verda.

Overrekkinga fann stad i Monaco under «IAAF Athletes Award».

- Helt rått! Ein ting er å verte best i Europa. Ein annan ting er å vinne ei tilsvarande kåring i verda. seier Karsten til friidrett.no.

Han seier vidare at dette krunar ein utruleg sesong, som ikkje ser ut til å ha nokon ende.

- Eg vil gjerne nytte høvet til å takke alle dei som dagleg hjelper meg og står på slik at eg kan få optimalisere satsinga mi. Dette er ein rå kveld for oss alle, seier Karsten Warholm.

Karsten vann prisen i konkurranse med den svenske stavhopparen Armand Duplantis og den amerikanske sprinteren Christian Coleman. Det var spydkastar og to gonger OL-gullvinnar Andreas Thorkildsen, som overrekte prisen.

Prisen fikk han utdelt av ingen ringere enn Andreas Thorkildsen, som vant to OL-gull i spydkast i 2004 og 2008.