Fredag vart det klart at Vegard Heltne har bestemt seg for å legge opp som fotballspelar. 28-åringen har slite med mykje skadar dei siste sesongane og fredag stadfesta han til Hødd si nettside at han gir seg.

Skade på leddband

Til Vikebladet Vestposten fortel Heltne at dette er noko han har tenkt på ei stund, men at det var først for nokre dagar sidan han bestemte seg.

– Det var nok no. Skaden eg har denne gongen var meir alvorleg enn vi trudde.

Heltne forklarar at ein i utgangspunktet trudde det berre var snakk om eit lite beinbrot, men at det seinare har vist seg at han også har fått ein skade på eit leddband i ankelen.

– Det vil ta veldig lang tid før dette gror, om det gror i det heile tatt. Å skulle starte ein ny sesong utan noko grunnlag, det orkar eg rett og slett ikkje. Eg er sliten og lei av å vere i styrkerommet, fortel Heltne.

- Surt

For det har blitt mange sesongar som heilt eller delvis er spolerte av skader. I 2016 fekk ikkje Heltne starta ein einaste kamp for A-laget og berre to seriekampar som innbytar.

I vår såg det meir lovande ut. Heltne starta sesongen som førsteval på venstrebacken og spelte dei fem første seriekampane. Heimekampen mot EIK 8. august blei likevel den siste i Hødd-drakta.

– Eg må innrømme at det er veldig surt at det blei slik, for dette var ikkje etter planen. Akkurat no er det bittert, men det er jo slik livet er. Ein skal heller ikkje syte over fotball, men akkurat no er det tungt.

Den første seriekampen for Vegard Heltne kom allereie i 2007. Sidan den gong har det blitt 218 kampar, og berre Steffen Moltu og Bendik Torset har fleire av dagens Hødd-spelarar. Heltne har vore med på det meste, både opprykk, nedrykk og cupgull.

– Som eg sa til Hødd så hugsar eg veldig godt Sandefjord-kampen, siste seriekampen i 2012 då vi berga plassen. Men over ei lengre periode så er det vel 2010-sesongen som fotballmessig har vore den beste, då eg trudde at eg kom til å bli ein god fotballspelar. Då såg det bra ut, men sidan då har det blitt ganske på det jamne på grunn av skade. 2010 er vel einaste året eg har hatt skikkelege ambisjonar utover Hødd. Sjølv om eg ikkje var ein berebjelke i 2012, så fekk eg spele i den perioden då vi vann cupen, og det set eg sjølvsagt stor pris på. Dei to åra er nok det eg hugsar best, fortel Heltne.

Rosar Eid og medspelarane

Dei siste åra er det dessverre skadane som har tatt mesteparten av fokuset.

– Hadde det ikkje vore for lagkompisar og den fantastiske garderoben som er på Hødd, så hadde eg truleg gitt meg etter 2014-sesongen. Mykje på grunn av Sindre (Eid), som er ein av dei mest fantastiske personane eg kjenner, og alle lagkompisane, så var det ganske enkelt å prøve å bli frisk slik at eg kunne hjelpe laget.

Garderobekulturen og samhaldet i laget er også det Heltne kjem til å sakne mest.

– Ja, fotballen har vore så av og på at eg nesten har blitt van med at når dei andre går ut, så går eg i styrkerommet. Eg har brukt å vere av dei første som kjem på trening og når eg har vore i skikkeleg trening, så har eg vore blant dei siste som reiser, og det er fordi ein trivst så godt der oppe. Der er ei takhøgd og ein kan vere seg sjølv heile tida. Eg trur det er heilt unikt og trur ikkje ein får det slik nokon annan plass, seier 28-åringen.

Trenar?

Spelarkarrieren til Heltne er over. Det treng likevel ikkje å bety at fotballkarrieren er over.

– Eg har jobb på Hasund skule, som eg skal fortsette med i alle fall fram til sommaren. I tillegg så diskuterer eg med Hødd om det er alternative ting eg kan gjere der oppe. Eg kjem ikkje til å spele fotball for noko lag. Det har eg eigentleg lagt frå meg, og det einaste måtte vere for Hasundgot, men utover det blir det ikkje meir fotball som spelar.

No vurderer Heltne om han skal prøve seg i ei trenarrolle.

– Anten så går eg «all in» på det og prøvar å bli så god som eg kan bli, eller så må eg legge det heilt vekk og tenke på andre ting. Slik det ser ut no så har eg lyst til å utforske den biten, for det er spanande og då får ein framleis vere i miljøet. Eg har også trua på at det kan vere bra å vere ung som trenar, for då er ein veldig på bølgelengde med spelarane. Det kan absolutt vere ei moglegheit der, fortel Heltne.

Mange skadar: Etter ein lovande vårsesong vart Vegard Heltne skadd på ei trening. Det ein først trudde berre var eit lite brot, viste seg etter kvart å vere meir alvorleg. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll Foto: Ole-Ottar Høgstavoll