Steffen Moltu er klar for ein ny sesong i Hødd etter at han fredag signerte ein ny eittårskontrakt med Hødd. Gurskingen Moltu har 288 kampar i for Hødd og nærmar seg raskt gullklokka (300 kampar). Det skriv Hødd i ei pressemelding.

Hødd kan også melde at Robin Hjelmeset forlengar med moderklubben, etter at han kom tilbake frå Elverum. Han har signert ei kontrakt so strekkjer seg ut 2019-sesongen.

Daniel Eid har signert ein kontrakt ut 2020-sesongen.

Godt nøgd sportssjef

Sportssjef André Nevstad er godt nøgd med at Moltu, Hjelmeseth og Eid er klare for nye år i Hødd.

- Steffen er ein viktig kontinuitetsberar i laget og ein god representant for klubben. Han har vore ein viktig brikke i Hødd-forsvaret gjennom fleire år og blir med si rutine og erfaring ein sentral spelar når vi no byggjer eit slagkraftig Hødd-lag inn mot 2018-sesongen.

- Robin som kom «heim» til Hødd i sommar veit kvar målet står, noko han viste til fulle i 2016-sesongen då Elverum rykka opp til OBOS-ligaen med Robin som toppscorar med 19 mål. Vi har tru på at han kan gjere den same jobben her heime i Hødd og Ulsteinvik, noko han jobbar knallhardt for kvar einaste dag på treningsfeltet.

- Daniel fekk sitt gjennombrot i Hødd-drakta i 2017-sesongen med solid og offensivt spel som høgre vingback. Han er fysisk sterk og offensiv i stilen, noko som ofte resulterer i harde og presise innlegg frå høgresida. Daniel er ein av fleire unge lokale spelarar som representerer framtida i Hødd, og som gir oss stor tru på ei ny spanande Hødd-epoke.

Steffen Moltu sjølv er godt fornøgd med å forlenge med Hødd.

- Eg er glad for å ha signert på ny kontrakt med klubben, og ser fram til å vere med å bygge vidare på slutten av årets sesong og løfte laget og klubben til dei høgder vi skal vere på. Eg vil også ønske alle ei god jul, seier Moltu.