Ann-Kristin Eiken i Hødd turn fortel at juleavslutninga har vore ein viktig tradisjon heilt sidan oppstarten av turngruppa i 1978.

- Vi er i overkant av 300 aktive medlemmar i Hødd turn, totalt rundt 400. I dag var det bort i mot alle som var i aksjon, med unntak av treåringane, som hadde si eiga avslutning, fortel Eiken.

Neste år kan den tradisjonsrike klubben feire 40 år, og ifølgje Ann-Kristin Eiken er det bra med aktivitet.

- Vi har i dag venteliste på å få bli med, og dette har mest med mangelen på trenarar. Vi skulle gjerne tatt inn alle som ønskjer det, men vi jobbar så godt vi kan for å utvide i forhold til etterspurnaden, fortel ho.

Under juleoppvisinga var det mange glade og sprudlande born i aksjon i Ulsteinhallen, og dei synte prov på eit godt treningsmiljø i klubben.

Sjå bileteserie i toppen av saka. Les meir om juleavslutninga i tysdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.