June Bergseth er utan tvil ein svært viktig spelar for Hareid sitt handballag i Trønder-Energiserien 5. divisjon. Mot Mauseidvåg/Solevåg i Solevåghallen lugga det litt for Bergseth og lagvenninnene, men mot Blindheim heime i Hareidhallen banka Hareid til med ein praktkamp. Best av alle var utan tvil Bergseth.

- Dette skal vi vere godt nøgde med. Vi ser at vi framleis er litt avhengige av at enkelte har ein god dag i angrep, men først og fremst var dette ein knallbra prestasjon av heile laget, og då spesielt forsvaret. For forsvarsspelet i denne kampen var veldig bra. No er vi på toppen av tabellen, og då er det ekstra godt å ta juleferie, sa Bergseth til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

Trenar Stasys Galdikas var hjartans einig med June, og ville gi spelarane ros for ein godt gjennomført kamp.

- Alle jentene stod på som berre det i kveld. Eg er veldig godt fornøgd med prestasjonane og resultatet. No kan vi ta ferie med godt samvit, sa Galdikas.

No skal ikkje Hareid i aksjon igjen før 7. januar. Då reiser dei raude og blå til Træffhuset, der dei møter Rival. Molde-laget tek juleferie som nummer to på tabellen, og blir nok ei tøff nøtt å knekke på nyåret.

Uavgjort på bortebane

Men først til kampen Hareid spelte mot Mauseidvåg/Solevåg laurdag. Til pause leia Hareid med fire mål, og laga gjekk i garderobene på stillinga 12-16.

Over i andre omgang vakna heimelaget meir til, og Hareid vakla litt kollektivt. Til slutt klarte Mauseidvåg/Solevåg å kjempe seg til poengdeling. Stillinga blei til slutt 27-27.

- Meir fokuserte

27 mål var same talet Hareid enda på mot Blindheim, men på heimebane sat forsvarsspelet mykje betre. Det gjorde at det til slutt berre var 19 ballar som passerte ein forrykande god Hareid-målvakt, Ella Karin Haugen.

- Vi var av eit heilt anna kaliber i forsvar i denne kampen. Vi skal vere svært nøgde med prestasjonen og samarbeidet i forsvarsrekkja i dag. Vi var langt meir fokuserte i dette oppgjeret, seier June Bergseth.

Det var nettopp Bergseth og samspelet hennar med Andrea Fjeld Hansen, som for ordens skuld blei toppscorar for Hareid mot Mauseidvåg/Solevåg med 8 mål, som førte til kampens første nettkjenning for heimelaget. Fjeld Hansen klemte til, og sette kontrollert inn 1-0 for Hareid. Så skulle det faktisk ta høvesvis tre og fem speleminutt før June Bergseth sette inn 2-0 og 3-0, hennar to fyrste av i alt 13 mål for kvelden. Fyrst etter i overkant av 8 minutt inn i kampen sette Blindheim inn sitt fyrste mål. Hareid var glimrande i forsvar i opninga, og det var særs imponerande av heimelaget å halde gjestane frå å score så lenge.

I midten av omgangen følgte Blindheim bra med på kva Hareid gjorde, og var ved fleire høve i ferd med å tette stillingsgapet. Men nokre effektive minutt frå rundt 18-19 speleminutt og fram til pausen, anført av June Bergseth som var fantastisk på strek, gjorde at Hareid kunne gå i garderoben fire mål føre.

Blindheim gode i starten - så tok Hareid heilt over

Over i andre omgang var det Blindheim som trykte til best og mest effektivt frå start av. Medan Hareid berre sette inn to mål på dei fyrste åtte minutta av omgangen, fann kvittrøyene vegen til mål heile fem gonger. Dette gjorde at stillinga på eit tidspunkt var 14-13, og gjestane byrja nok sikkert å håpe på å snu kampen.

Men, Hareid ville det annleis. I bresjen for kanskje den beste perioden for Hareid i heile oppgjeret var ikkje uventa June Bergseth og hennar eminente tilretteleggjar Andrea Fjeld Hansen. Det kunne nesten virke som om Andrea fann June kvar gong ho sendte ballen inn i midten, for på streken tok sistnemnte i mot ballen, vrei seg rundt, og avslutta sikkert som banken i mål bak Blindheim-keeperen.

Med ti minutt igjen å spele hadde Hareid kjempa seg opp på stillinga 21-15. Blindheim såg meir og meir resignerte ut, og det utnytta Hareid til det fulle. Det siste målet i kampen, som fastsette resultatet til 27-19, var av det ekstra vakre slaget. Andrea Fjeld Hansen fann ein nærmast flygande June Bergseth inne i feltet. Toppscoraren dytta ballen vidare og inn i mål.

Eit vakkert mål som fastsette resultatet, og sikra Hareid ein solid siger og to nye viktige poeng.

Kampfakta

5. divisjon kvinner

Hareid - Blindheim 27-19 (12-8)

Bane: Hareidhallen

Tilskodarar: 30

Hareid: Ella Karin Haugen, Linda Marie Godø Kostaris (1), June Bergseth (13), Sunniva Liaset (1), Susanne Bigset (1), Iselin Stenersen Klungsøyr, Gunhild Feiring, Maria Juul Hansen, Lene Mari Andresen (1), Marte Giske (2), Cecilie Skeide (2), Andrea Fjeld Hansen (6)

Kampfakta

5. divisjon kvinner

Mauseidvåg/Solevåg - Hareid 27-27 (12-16)

Bane: Solevåghallen

Hareid: Ella Karin Haugen, Linda Marie Godø Kostaris (3), June Bergseth (6), Sunniva Liaset (1), Susanne Bigset, Gunhild Feiring, Maria Juul Hansen (4), Lene Mari Andresen (3), Cecilie Skeide (2), Andrea Fjeld Hansen (8)

Trenar Stasys Galdikas var ein glad og fornøgd mann etter kampslutt. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.