”I år blir det ei litt annleis jul. Eg gler meg like mykje som alltid, men forhåpentlegvis blir det ikkje så mange pakkar med ”Eirik” på under treet på julaftan.”

Slik startar eit innlegg Eirik Franke Saunes la ut på si Facebook-side 3. desember (sjå heile innlegget i botnen av saka). Hødd-spelaren ønskjer i staden å gje andre ei god jul, og ikkje minst ein betre kvardag.

Ønskjer å hjelpe

Den reflekterte 19-åringen håpar å få med seg fleire til å støtte Karanba, eit sosialt prosjekt i Rio de Janeiro, som brukar fotball for å hjelpe barn og unge frå Favelaen.

– Eg har tenkt på dette ei stund. Karanba har vore ein del av livet mitt sidan 2012, då eg var der borte og trefte dei. Til slutt så fann eg ut at i år så hadde eg lyst å hjelpe dei, at eg ønskte ei litt annleis jul. Difor bestemte eg meg for at i år så ville eg ikkje ha noko sjølv, men heller gje vekk det som skal til meg til Karanba, for eg veit at dei treng det mykje meir enn eg gjer, fortel Franke Saunes.

Hødd-spelaren la difor ut Facebook-posten, der han fortel om sitt initiativ, og der han ber andre ta del i aksjonen for Karanba.

– Alle gåver som skal til meg skal vidare, og eg håpar også at andre kan tenkje seg å gjere det same. Ikkje at alle skal gje vekk alt, men dersom alle kunne gje ei lita julegåve, så blir det ei stor julegåve til saman. At eg gjer det er ein ting, men eg håpar også å påverke andre til å bidra, til å gje litt, fortel Eirik Franke Saunes.

Det trur han vil vere til stor hjelp for Karanba-prosjektet.

Sjølv fekk Franke Saunes oppleve Karanba på nært hald i 2012.

– Då fekk eg oppleve dei store kontrastane og forskjellane, der alt vi hadde felles var fotballen og gleda med fotballen. No har det vore litt tyngre tider for Karanba, sidan dei blir drive ved hjelp av støttespelarar innan offshore- og oljenæringa i Norge. Der har det jo gått litt nedover, og då blir det også trongare budsjett og vanskelegare for Karanba. Dei måtte mellom anna kutte i talet på spelarar. Difor ønskjer eg å gjere det eg kan for å hjelpe til, for kvar krone som blir sendt bortover vil hjelpe prosjektet.

Like stor glede av å gje

Midtbanespelaren dreg ein parallell til fotballbanen når han skal skildre initiativet sitt.

– Eg treng ikkje pengar eller julegåver like mykje som dei gjer der borte. Eg får like stor glede av å gje, slik som at eg får like stor glede av å gje ei målgjevande pasning som av å score sjølv. Når ein har vore der borte, opplevd favelaen og korleis dei har det, så forstår ein at det er rett å gje, fortel Franke Saunes.

Midlane Hødd-spelaren samlar inn går til alt frå fotballutstyr, drift, mat og drikke, samt undervisningstilbodet Karanba gir deltakarane sine.

– Det er nok ikkje alle som tenkjer over kor heldige vi er som får lov til å gå på skule her, men der borte er det ikkje alle som får det. For meg er det viktig at dei som er med på Karanba får ein fin kvardag, at det ikkje berre er fotball, men at dei får gå på skule. Eg håpar å få inn nok pengar til at vi kan hjelpe dei litt på den biten. At eg kan vere med på å gjere kvardagen og framtida litt lysare for dei, seier 19-åringen.

Håpar fleire vil bidra

Han er heilt klar på at norske fotballspelarar har det veldig godt

– Her har vi ein flott stadion, med mykje folk som ser på, ei stroken kunstgrasbane og garderobar. Vi har ingenting å klage på. Der borte så spelar dei på ei tørr sandbane, med mål utan nett, dei får vatn frå store dunkar og ein banan før trening. Å kunne hjelpe til med å samle inn pengar, slik at dei kan få det betre både før og etter trening, samt når det ikkje er treningar, synest eg er noko alle kan vere med på. Om alle gir litt, så merkar ein ikkje det sjølv, men dei merkar det veldig godt der borte, seier den engasjerte fotballspelaren.

Franke Saunes har vore gjennom sin første sesong med A-laget til Hødd. Så langt er han ikkje blant dei mest profilerte spelarane på laget, men ungguten merkar at posisjonen hans gir han meir påverknadskraft.

– Hødd står veldig sterkt her. Når ein er ein "Høddar" så er det noko folk ønskjer å høyre om. Etter at eg delte dette på Facebook så har det fått mykje merksemd, både her og i Brasil. Mange har også bidrege, men eg håpar at endå fleire vil vere med.

For Franke Saunes meiner det er viktig at fotballspelarar også er bevisste på kor godt ein faktisk har det.

– Det er viktig at vi set pris på yrket vårt, på hobbyen vår. At ein ikkje berre kan få, men også kan gje. Når folk støttar oss på stadion så må vi gje noko tilbake på fotballbanen, men dette er også viktig elles i livet. Får ein noko, så må ein også gje noko. For meg er det viktigare å gje enn å få, slår Franke Saunes fast.

Les innlegget frå Eirik Franke Saunes:

"Hei og God Jul

I år blir det en litt annerledes jul. Jeg gleder meg like mye som alltid, men forhåpentligvis blir det ikke så mange pakker med «Eirik» på under treet på julaften.

Pakker eller ei, alle er ikke like heldig som meg! I 2012, dagen etter at Hødd slo ut Brann i NM, reiste jeg og min far til Rio De Janeiro i Brasil for å besøke Tommy Nilsen og fotballprosjektet "Karanba" . Her fikk jeg se liv i kontrast til mitt, og til alle oss som vokser opp med blant annet Hødd.

Selv om Karanba handler om fotball er det først og fremst et sosialprosjekt. Men med fotball som virkemiddel hjelper Karanba et stort antall barn og unge fra slumområdene med personlig utvikling, utdanning og utfoldelse.

Dette besøket gjorde et så sterkt inntrykk på meg at jeg i 2013 bestemte meg for å bli Karanba-fadder og det har jeg vert siden.

Jeg har lenge blitt spurt om hva det er jeg ønsker meg til jul og nå har jeg bestemt meg. I år ønsker jeg meg at barn og unge som er med i «Karanba» skal få en bedre jul og ikke minst dager, måneder fremover. Jeg har bestemt meg for at alle de pengene som skal bli brukt på gaver til meg skal bli satt inn på en konto som jeg gir til Karanba. I år skal min jul handle om å gi, ikke om å få. Det er den største gleden for meg. Jeg vil gi Karanba en fantastisk jul og en bedre kvardag.

For ca 2 år siden hadde Christoffer Remøy Endresen et lignende prosjekt under navnet "Prosjekt Superhelt". Dette inspirerte meg. Nå håper jeg at jeg klarer å inspirere DEG, nok til at du vil gi en eller flere av dine «julegaver» videre til Karanba!

På gaven til Karanba vil jeg legge ved et kort satt sammen av bilder av alle som har bidratt - med stort eller smått! Mitt andre julegaveønske er at flere denne julen vil være med på å utgjøre en forskjell for gutter og jenter i Rio´s favelaer.

Bli med på laget! Sammen kan vi «score» for Karanba!

Konto: 3997.04.67851

Vipps/MobilePay: 97487049 merk beløpet med «karanba gave»

Dersom du vil være med på å ha et lite profilbilde på gavekortet til Karanba så send et bilde på 97487049

Les mer og bli inspirert! http://www.karanba.com/gi-din-stotte/karanba-norge

Del gjerne innlegget!

Pasning fra Eirik Franke Saunes

Hødd & Karanba"

Minne for livet: I 2012 reiste Eirik Franke Saunes til Brasil og fekk bruke tid saman med gutane på Karanba, fotballprosjektet starta av den tidlegare Lyn-spelaren Tommy Nilsen. Foto: Privat Foto: Privat