Øystein Muren og Per Gustavsen har begge signert toårskontrakter som trenarar for Hasundgot IL sitt herrelag. Det går fram av ei pressemelding frå Hasundgot IL. Dei tek dermed over etter Lars Breivik, som har leia laget dei siste tre åra. Ifølgje Hasundgot IL har Breivik ønskt å trappe noko ned, men han vil truleg framleis ha ei rolle rundt laget.

– Hasundgot er veldig godt nøgde med å kunne signere Per og Øystein. Dei har begge mykje fotballkompetanse som vi kjenner godt til og ser fram til å nytte oss av, seier leiar i Hasundgot Fotball, Runar Muren i pressemeldinga.

Dei to nye Hasundgot-trenarane kjem begge frå roller i Hødd.

– Dette vert eit spanande prosjekt, med ei veldig ung gruppe med spelarar samt nokre kontinuitetsbærarar, seier dei to nye trenarane.

– Kva mål har de for dei neste par sesongane?

– Målsettinga er å kjempe om opprykk. Med det omlandet og det anlegget Hasundgot har i dag så er vi ikkje i tvil om at Hasundgot bør i alle fall vere ein klubb i 5.-divisjon. Det bør også vere eit springbrett til klubbar som til dømes Hødd, dersom ein har spelarar som vil satse endå litt høgare, seier den nye trenarduoen i pressemeldinga.

Der legg trenarane til at dei ser seg litt om etter spelarar som kan kome inn for å forsterke stallen framom den komande sesongen.