Tysdag kveld gjennomførte Hareid IL Fotball oppstartsmøte for A-laget før 2018-sesongen. Der var det ein engasjert Moldskred som presenterte sine planar for både gamle og potensielt nye Hareid-spelarar.

Kenneth Moldskred går altså på ein ny sesong som Hareid-trenar, etter at han returnerte til klubben før 2017-sesongen. Med seg i trenarteamet får han Rune Holstad og Eiliv-Tore Howlid, medan Vidar Vollsæter og Knut Helge Hovden held fram i støtteapparatet rundt laget.

Positiv førstesesong

Med Moldskred ved roret enda Hareid på ein sjuandeplass i 4.-divisjon denne sesongen. Då hadde laget lenge klora seg fast på øvre halvdel av tabellen.

– Vi byrja litt frå «scratch» i vinter, med det som vart ein ung og temmeleg lokal stall, der vi hadde ei målsetting om å halde oss i divisjonen. Vi var i topp 5 heilt til dei siste tre vekene og eg synest definitivt det var ein positiv sesong, fortel Hareid-trenaren.

Moldskred synest også måten sesongen vart gjennomført på, med hovudvekt på lokale og ofte unge spelarar var positivt.

– Vi har vel seks gutespelarar som fekk speletid for A-laget i løpet av sesongen. Fem av dei scora mål, og alle var delaktige både i treningsgruppa og på eit lag som leverte ein god sesong.

Vil halde fram utviklinga

No er målet at Hareid skal ta nye steg i 2018.

– Vi ønskjer å vidareutvikle både gruppa og laget. Eg meiner denne sesongen gir prov på at dersom ein trenar godt nok og ofte nok, så kjem utviklinga ganske raskt og som ein naturleg konsekvens av det arbeidet ein legg ned.

Utvikling er eit nøkkelord for Kenneth Moldskred, og han fortel at ein ønskjer å sørgje for at både dei erfarne spelarane og unggutane i stallen skal få gode moglegheiter til å utvikle seg som fotballspelarar.

Byggjer kultur

Samstundes er det ikkje berre fotballferdigheitene ein ønskjer å utvikle. Leiar i Hareid IL Fotball, Cecilie Bjørlykke skyt inn at ein også ønskjer å halde fram med å bygge opp ein solid kultur i fotballgruppa.

– Det er utruleg viktig, slår Bjørlykke fast.

– Alle som er ein del av ei gruppe, anten det gjeld trenarar, leiarar eller spelarar, er med på å utvikle kulturen. Det å utvikle ein god nok og sterk nok kultur er noko som tek tid, men forhåpentlegvis la vi nokre byggesteinar på denne kulturen i A-lagsgruppa til Hareid denne sesongen, seier Kenneth Moldskred.

På oppstartsmøtet tysdag var det ei sterk overvekt av unggutar, både spelarar som spelte i Hareid i 2017, men også spelarar som ville høyre litt om opplegget til Hareid.

Opne for spelarar utanfrå

Kenneth Moldskred håpar mange av dei meir erfarne spelarane frå 2017-troppen også blir med den komande sesongen. Her er det likevel ikkje alt som er klart endå, og Moldskred legg ikkje skjul på at det kan vere fornuftig å få påfyll av spelarar utanfrå.

– Vi er opne for og ønskjer fleire spelarar som har lyst til å vere ein del av Hareid IL. Som har lyst til å bygge kultur, som ønskjer å trene godt og ofte, og som ønskjer å spele A-lagsfotball for Hareid.

Samstundes understrekar Moldskred at det viktigaste ikkje er kven som kjem inn eller går ut, men at ein legg best mogleg til rette for dei spelarane som er i klubben.

– Dei vi har og dei som blir med eit år til er dei viktigaste. No er det likevel slik at naturleg avgang, at folk skal vekk på skule eller liknande, gjer at vi har moglegheita til og ønskjer å supplere og styrke gruppa.

Og sidan såpass mange gute- og juniorspelarar allereie er henta opp som ein del av A-lagsgruppa, så meiner Moldskred det vil vere sunt å få inn nokre spelarar utanfrå. Og kanskje kan det også vere sunt for spelarar som ønskjer eit miljøskifte.

– Det å få avansere i ei kø, å få vere med på å trene ofte og godt, ha det kjekt, få prøve ut ferdigheitene sine i kamp, der det betyr noko, det er alfa og omega for utvikling. Dersom vi kan vere med på å utvikle spelarar vidare, så er det ingenting som er kjekkare enn det. Vi utvikla oss i lag, alle som var med i Hareid sitt A-lag i 2017, og vi har krutsterke ambisjonar om å halde fram den utviklinga i 2018. Som klubb og som A-lag.

Nye steg

Etter planen skal Hareid gjennomføre si første trening allereie komande tysdag, medan oppkøyringa for alvor tek til i januar.

– Vi ønskjer å ta nye steg i positiv retning i 2018, og dersom nokon ønskjer å vere med på det så er vi opne for det, avsluttar Moldskred.

Ny sesong: Kenneth Moldskred skal leie Hareid også i 2018. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes