IL Hødd Fotabll melder i ei pressemelding at no er støtteapparatet for herresida 2018 klart.

- Vi står framfor ein svært spanande sesong for herrefotballen i Hødd. A-laget har ambisjonar om å kjempe om opprykk til Obos-ligaen og rekruttlaget skal teste seg i 3. divisjon. Dette er i praksis eit opprykk på 1,5 divisjon for rekruttane og vil til kvar tid gi ei svært god matching for våre nest beste, skriv André Nevstad.

Med to lag på så høgt nivå krevst det også solide støtteapparat rundt laga. Sindre Eid held fram som hovudtrenar for a-laget. Med seg som assistenttrenar får han Sander Håskjold Nyland. Frode Gjerde blir trenar for målvaktene og Rafael R. Bermudez blir fysisk trenar. Endringar frå i fjor er altså at Sander kjem inn og Harald Å. Rise og Ronny Osnes går ut.

På rekruttlaget blir det også gjort visse endringar etter suksessesongen i 2017. Sander Håskjold Nyland skal halde fram med å ha hovedansvaret, Jesper Törnqvist blir spelande assistent, Rafael R. Bermudez blir fysisk trenar og med seg får dei Reidar Vikebakk og Harald H. Riise i teamet. Einar Magne Skeide vil også bidra, men i mindre grad enn i fjor.

Dette gjer at Sander Håskjold Nyland får ei rolle i begge laga. Tanken bak dette er at det skal vere tett samarbeid mellom dei to laga og at ein skal ha god spelarflyt. I dette arbeidet vil Sander spele ei viktig rolle.

- Sander er ein ung, ambisiøs og særs lovande trenar og vi er svært glade for at han ønskjer å kombinere desse rollene, står det i pressemeldinga.

IL Hødd Fotball er er også særs glade for at dei har fått Jesper Törnqvist inn i 100% stilling på trenarsida i klubben. Hovudfokuset vil framleis vere som utviklingsansvarleg på jentesida i klubben og arbeid inn mot Høddskulen, men han vil også bidra som spelande assistenttrenar på rekruttlaget.

IL Hødd Fotball takkar alle som bidrog i 2017 og ønskjer dei nye teama for 2018 lukke til! Dei håper på mange gledesstunder for Hødd på Høddvoll og rundt om i landet.