Speleplanen for PostNord-ligaen 2018 er klar:

Møter Brattvåg fyrst i sjuande runde

Hødd sesongopnar borte mot Stjørdals-Blink og møter ikkje nyopprykka Brattvåg før i sjuande runde - på bortebane.
Sport

Oppsettet for PostNord-ligaen avdeling 2 er klart, og den fyrste serierunden sparkast i gang 14. april. Då reiser Hødd for å møte Stjørdals-Blink på bortebane.

Fyrst i sjuande serierunde, som etter planen skal spelast 26. mai, reiser Hødd til Brattvåg for å spele bortekamp.

Siste kamp før fotballferien blir i 11. runde mot Fløy på heimebane, 23. juni. Fyrste etter ferien blir mot Kjelsås, 21. juli.

I runde 20, 15. september, få Hødd besøk frå gultrøyene frå Brattvåg heime på Høddvoll.

Den komplette speleplanen kan du sjå her. (Ekstern lenkje).