Ulstein og Hareid godt representerte under Idrettsgallaen:

Warholm og Hareide blant dei nominerte

Både "Dimnakorr" og årets friidrettsgjennombrot i verda, Karsten Warholm, og dansk landslagssjef Åge Hareide kan vinne gjeve prisar.

Karsten Warholm er nominert til prisen for "Årets mannlege utøvar". Her er Warholm på Olympiastadion i Rio de Janeiro sommaren 2016.   Foto: Cornelius Poppe /NTB Scanpix.

Hareidsdølingen Åge Hareide er nominert i kategorien "Årets trenar". Hareide er landslagssjef for det danske landslaget i fotball.  Foto: Arkiv.

Sport

Karsten Warholm har verkeleg tatt det norske folk med storm i år, og han er forståeleg nok blant dei nominerte til prisen for "Årets namn", som skal delast ut under Idrettsgallaen 6. januar.

Han er også nominert til prisen for "Årets mannlege utøvar", i selskap med Filip Ingebrigtsen, Kjetil Jansrud, Alexander Kristoff, Håvard Holmefjord Lorentzen, Olav Lundanes, Sondre Nordstad Moen og Martin Johnsrud Sundby.

Hareide kan bli årets trenar

Karsten Warholm sin suksesstrenar Leif Olav Alnes er nominert til prisen for "Årets trenar". I denne kategorien er også hareidsdølingen og den danske landslagstrenaren i fotball, Åge Hareide, nominert. Også Christian Berge, Thorir Hergeirsson, Roar Hjelmeset og Gjert Ingebrigtsen skal konkurrere om denne prisen.