Karsten Warholm har vunne fleire høgthengjande prisar:

Prisdryss over "Dimnakorren"

For eit år det har vore for Karsten, både på og av friidrettsbanen!

Karsten Warholm kan sjå tilbake på eit innhaldsrikt år, både på og av friidrettsbanen. 

Sport

På sin offisielle Instagram-konto la Karsten Warholm vesle julaftan ut følgjande melding til sine neste 32.000 følgjarar:

- Julekvelden kom tidlig i år! Tusentakk til @aftenposten, @dagbladet og @nettavisen.no for høgthengande prisar! Motiverar ein ung idrettsgut! #audmjuk #julegåve

Prisdryss

Dei siste dagane har det nærmast rausa på med nye prisar for den sindige 21 år gamle verdsmeisteren frå Dimnøya.

Dimna IL-utøvar og Ulstein-patriot Karsten Warholm har i løpet av 2017 gått frå å vere eit godt kjent namn i norsk friidrett til å bli eit svært godt kjent namn i internasjonal friidrett, og idrett generelt. Men det er heller ikkje rart, om ein legg prestasjonane hans til grunn. Det heile toppa seg med gull på 400 meter hekk under VM i London i august.

Prisdrysset tok til allereie i oktober, då Karsten 14. oktober reiste til Litauen og tok i mot prisen for årets nykommar i europeisk friidrett, under ein storslått galla i regi av Det europeiske friidrettsforbundet (European Athletic Association, EAA).

Så blei Karsten heidra av sine eigne med utøvarprisen under Friidrettens Venner si prisutdeling 4. november.

Høgdepunktet må nok likevel ha vore då Karsten 24. november også blei kåra til årets nykommar i verda, av Det internasjonale friidrettsforbundet (International Association of Athletics Federations, (IAAF).

Fleire prisar frå media

Men det er ikkje berre friidretten sjølv som ønskjer å takke Warholm for eit fantastisk år. Det gjer også media.

I byrjinga av desember blei det klart at Karsten var nominert til Verdens Gang (VG) sin årvisse pris "Årets Navn", men denne var det Kong Harald som fekk etter at folket hadde stemt han fram. Men, på sjølvaste julaftan blei det klart at han likevel også får med seg ein VG-pris i år. Han blei nemleg kåra til Norges største idrettsstjerne, mellom anna framfor sjølvaste Marit Bjørgen på ein andreplass, Filip Ingebrigtsen på tredje og Sander Sagosen på fjerde for å nemne nokre.

Vesle julaftan blei det klart at Karsten Warholm blei tildelt Aftenpostens Gullmedalje, og ikkje lenge etter kåra Dagbladet Karsten til vinnar av Folkets Idrettspris 2017. Begge avisene hadde store oppslag med Karsten denne dagen.

Nettavisen.no ville også heidre Karsten, og kåra han like godt til Årets Sportsnavn.

Idrettsgallaen

Men det er ikkje sikkert prisdrysset stoppar der. For Karsten Warholm er også nominert til to høgthengjande prisar som skal delast ut under Idrettsgallaen 2018, som går av stabelen 6. januar. Han er nemleg nominert i kategoriane for "Årets mannlige utøver" og "Årets navn".