Hødd:

Osvold inn, Sætre forlenger og Torset reiser til Bergen

Hødd gjer nok ei ny signering i Joachim Osvold, medan sandssokningane Preben Sætre og Bendik Torset høvesvis forlenger og avsluttar tida si i Hødd.

Larsnesingen Bendik Torset (t.v.) forlét Hødd etter å ha spelt for dei blåkvite sidan 2008. Gurskingen Preben Sætre forlenger kontrakten sin med Hødd.  Foto: Montasje/Arkiv.

Sport

Sportssjef André Nevstad fortel gjennom ei pressemelding at Hødd har følgt Joachim Osvold ein lengre periode. Osvold har ei fortid både i LSK og Bodø/Glimt, og har også spelt i Finland og Tyskland.

- Denne hausten har han spelt for Levanger FK saman med Joakim Wrele, der han fekk 13 kampar etter overgangen frå Bodø/Glimt i sommar. Joachim var på besøk hos oss i november, og vi har stor tru på at han kan tilføre laget nyttige kvalitetar i angrepet. Han er ein typisk spiss, god i boks, bra fysikk, hardtarbeidande og med potensiale til å score mål. Joachim kjem oppover på nyåret og blir ein del av Hødd-stallen, seier Nevstad i pressemeldinga.

Sætre forlenger

Nevstad kan også avsløre at gurskingen Preben Sætre er med vidare i Hødd.

- Vi er godt fornøgde med at Preben har forlenga ut 2018-sesongen. Preben er ein spelar som kan spele på fleire plassar i laget og er ein fantastisk flott fyr å ha med seg vidare. Ein ekstremt lojal spelar som alltid gir 100 prosent for laget, seier sportssjefen.

Sætre fekk med seg 17 seriekampar i 2017.

Eit kapittel er over

Bendik Torset var blant dagens Hødd-spelarar med mest erfaring og lengst tid i klubben. Heilt sidan 2008 har han vore ein del av Hødd.

- Bendik har opplevd mykje i Hødd-drakta. Opprykk i 2010 og cupfinalesiger i 2012 er nok dei største hendingane for løpsmaskina frå Larsnes. Bendik vel no å flytte til Bergen der kjærasten bur, og der han kan halde fram med studiane. Ein meir profesjonell fotballspelar skal ein leite lenge etter, han har satt ein standard i treningsarbeidet som mange har å lære av. Bendik står med 263 kampar i Hødd-drakta. Vi set stor pris på innsatsen Bendik har lagt ned i den blå drakta og ønskjer han lukke til vidare, seier Nevstad avslutningsvis.