Finalane i ungdomsklassene vart meir einsidige, men både i dame- og herreklassen kunne det ha bikka begge vegar i årets Grendacup.

Ungdomsklassene

”Blitz” vann ungdomsklassen for jenter. Laget gjekk gjennom gruppespelet utan å tape poeng, og sjølv om det blei tett i semifinalen mot ”White Chicks” var det til slutt ingen tvil om kvar Grendacup-trofeet skulle gå. I finalen scora Silje Årsbog Bjåstad dei to første, før Shaajeena Jeyathas punkterte kampen med si 3–0 scoring. ”Midt i blinken” tok seg til finalen etter å ha slått ”Asian 6 co.” 5–4 i ein svært spanande semifinale, men det vart for tøft mot ”Blitz”.

Årsbog Bjåstad vart toppscorar i denne klassen med sine åtte mål, og fekk også prisen for årets spelar.

I guteklassa vart det 4–0 siger til ”Tynnesuppe FK” over ”Brandal IL”. Her må det likevel seiast at resultatet nok var noko flatterande for vinnarane, for ”Brandal IL” var uhyre nære ved fleire høve, og burde nok ha fått med seg eitt mål eller to ut ifrå sjansar.

Begge finalelaga leverte ei svært sterk turnering. I gruppespelet var det ”Brandal IL” som tok alle tre poenga i det innbyrdes oppgjeret, og i kvartfinalane vart det storsiger til begge lag.

Semifinalane vart også grei skuring, då ”Tynnesuppe FK” vann 6–1 over ”Pink Panthers”, medan ”Brandal IL” slo ”Supreme” 5–2.

Sondre Muren Gjerdsbakk frå ”Tynnesuppe FK” vart toppscorar i ungdomsklassen for gutar med heile 19 mål. Beste spelar vart Pijus Marcinkevicus frå ”Brandal IL”.

Dameklassen

Finalen i dameklassen vart ein skikkeleg spanande kamp, der det frå start såg ut til at ”Gylne Tider” skulle stikke av med pokalen. Stine Marø Sundgot gav nemleg laget leiinga allereie før det var spelt eitt minutt. Deretter la Victoria Røren på til 2-0, og det såg då ut til å gå vegen for laget.

Men ”Hødd” skulle slå tilbake, og det knallhardt. Heidi Saur reduserte etter åtte minutt, før Charlotte Skare Haanes utlikna to minutt seinare. Dermed 2–2 og heilt ope om sigeren. Begge lag hadde sjansar til å ta finalen, men ”Hødd” og Ragnhild Ertesvåg sette dei avgjerande sjansane. Ertesvåg vart både toppscorar (10 mål) og årets spelar i dameklassen, og ho avgjorde også finalen, nærast på eiga hand. Både 3–2 og 4–2 sette ho i mål, og sikra dermed Grendacup-siger for andre år på rad. (Laget heitte Navnløs i 2016).

Laga som møttest i finalen var også dei to beste i kvar si pulje torsdag. ”Gylne Tider” vann si semifinale med solide 5–0 over ”Reserve crew”, medan ”Holemix” gav skikkeleg motstand til ”Hødd” i den andre semifinalen. Katrine og Eva Janne Holstad gav ”Holemix” ei tidleg 2–0 leiing, men Ragnhild Ertesvåg vart avgjerande også her. ”Holemix” fekk ikkje kontroll på Åsane-spelaren, som banka inn fire mål og sikra sigeren.

Herreklassen

Også i herreklassen skulle det bli spanande. Tradisjonen tru var det også her det vart mest intensitet, mest krangling, men også nokre spektakulære prestasjonar.

Fjorårsvinnar ”Kvælartak” møtte ”Biancocelesti” – laget kledd i Lazio-drakter og med to noregsmeistrar på laget (Fredrik Aursnes i fotball og Ådne Andersen i friidrett).

I opninga på kampen var det ”Kvælartak” som såg ut til å ha taket på kampen. Laget heldt mykje i ballen og kom også til nokre brukbare moglegheiter, men utan å verkeleg truge Vagn Scheide Mork.

Først etter 14 minutt skulle første scoringa kome. ”Biancocelesti” fekk eit frispark på ti meters hald. ”Kvælartak” var ikkje einige i at det var noko å blåse for, men frisparket var dømt og det tok Fredrik Aursnes seg av. I staden for å fyre av med full kraft, valte Molde-spelaren ein vanskelegare og ikkje minst smartare variant. Aursnes såg at keeper Ole Monrad Alme var offensiv i feltet og difor ”chippa” Aursnes ballen i ein elegant boge over både keeper og forsvarar til 1–0.

Gleda skulle likevel ikkje vare lenge, for ”Kvælartak” slo nesten umiddelbart tilbake og Nils-Erik Engen utlikna til 1–1.

”Kvælartak” brukte keeper aktivt for å prøve å skape overtal framover i banen, men dette skulle straffe seg etter 18 minutt. Ballen frå Alme vart blokkert av Henrik Grimstad som frå langt hald løfta ballen inn i det opne målet. Ny leiing til ”Biancocelesti” og no skulle dei ikkje sjå seg tilbake. Minuttet seinare var Georg Aursnes på farta på høgresida i angrep, han fyrte av mot næraste krysset og ballen fauk forbi keeper og opp i nettaket. Dermed 3–1 og sigeren i boks for ”Biancocelesti”.

Begge finalelaga måtte ut i tøffe oppgjer for å kome seg til finalen. ”Kvælartak” måtte ut i ”sudden death” i si kvartfinale mot ”Slav”, i ein kamp som kunne ha bikka begge vegar, men der Martin Mork Breivik vart avgjerande då laga spelte to mot to.

Også ”Biancocelesti” kom i ein liknande situasjon, men då i semifinalen mot ”Sei du det?”. Det vart to mål til kvart lag i ordinær tid, men i ”sudden death” klarte heller ikkje laga å avgjere før det berre var to mann igjen på kvart lag. Fredrik Aursnes stilte då saman med bror Georg, og yngstemann ordna avansementet på eiga hand.

Årets toppscorar i herreklassen vart Christian Mork. Han scora heile 16 mål for ”Sei du det?”, men kunne ikkje hindre at det blei exit i semifinalen.

Årets spelar i herreklassen vart Fredrik Aursnes.

Ein varsla siger

For keeper Vagn Scheide Mork var finalesigeren svært etterlengta. Sist han vann Grendacupen var i 1994 -  første året turneringa vart arrangert. Sidan den gong har det blitt ti finalar utan siger, før den endeleg kom saman med "Biancocelesti".

Det gav også Fredrik Aursnes beskjed om allereie i god tid før jul. I eit intervju med lokalavisa lova han nemleg Grendacup-triumf.

- Ja, eg sa at jo at dersom Georg (Aursnes) blir med, så kom vi til å vinne, smiler Aursnes etter finalesigeren.

Og med ei scoring frå kvar Aursnes i finalen, så må ein vel seie at begge leverte varene.

Molde-spelaren synest laget leverte ei bra turnering.

- Vi kom oss greitt gjennom gruppa i går og har vore solide.

I fjor vart det tap mot "Kvælarak" som då gjekk heile vegen og vann turneringa. I år var det Aursnes og co. som var sterkast, og dermed sikra 22-åringen seg sin andre finalesiger i Grendacupen. Aursnes trivst også i Hareidhallen.

- Dette er veldig artig. Eg synest innefotball er veldig gøy og her er det er mange gode spelarar som deltek på Grendacupen

Sjå stor bileteserie i toppen av saka. (På grunn av svært mange bilete kan det ta litt tid før alle bileta lastar inn)