Årets idrettsnamn

Karsten Warholm er av sportsjournalistane kåra til årets idrettsnamn 2017. (arkivfoto)Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Det er lett å gå i surr over alle prisane Karsten Warholm har fått i det siste. Men i dag vart det offentleggjort at norske sportsjournalistar har kåra Karsten Warhol til årets idrettsnamn.

Han vart kåra til årste namn med soleklar margin. Han fekk heile 110 poeng, på andreplass finn me Sondre Nordstad Moen (friidrett) med 18 poeng.

På heimesidan til Norske Sportsjournalistert forbund står det at VM-gullet til Warholm under 400 meter hekk i London set alle andre prestasjonar i skuggen.

- Han er den mest overlegne vinnaren av avstemminga sidan Ole Einar Bjørdalen vann fire OL-gull i skiskyting i 2002, kommenterer Reidar Sollie som er leiar i forbundet.

Sportsjournalistenes statuett har blitt delt ut kvart år sidan 1948.