- Dermed blei han første tilvekst i 2018, skriv Nest-Sotra på sine heimesider.

Torset har spelt 263 kampar for Hødd, og dei fleste av desse på nest øvste nivå. Torset kom også på under cupfinalen i 2012, og blei cupmeister med Hødd etter å ha vore med og bidrege gjennom ein eventyrleg norgesmeisterskap-sesong. No er han altså ny i Nest-Sotra si karakteristiske grøne drakt, og det på ei eittårskontrakt.

Torset reiser til Bergen for å studere. Han blir også sambuar med kjærasten sin.

- Dette var ei fin moglegheit for meg. Eg får spele fotball på eit bra nivå, samstundes som eg får fullføre master og ikkje minst vere nærmare kjærasten min, som allereie har budd ei stund i Bergen. Nest-Sotra har gjennom mi tid i Hødd vore ein tøff motstandar, så eg ser fram til å spele på lag med dei i år, seier Torset til Vikebladet Vestposten.

Tok sjølv kontakt - fekk kontrakt

Til Nest-Sotra fortel Torset at det var han sjølv som tok kontakt med Nest-Sotra, då han ser på den tradisjonsrike klubben som ein stad der utviklingspotensialet både for enkeltspelarar og lag er stort.

- I tillegg speler Nest-Sotra ein type fotball som er artig og inspirerande, seier Torset til Nest-Sotra si heimeside og legg til:

- Eg får inntrykk av at det er lov å halde på ballen og teste ut sine eigne grenser. Eg gler meg til 2018!

Har fått gode referansar frå Hødd

Klubben skriv at dei er svært fornøgd med signeringa.

– Vi har absolutt plass til ein spelar med hans erfaring og rutine frå dette nivået. Han leverer på eit stabilt godt nivå sju dagar i veka. I tillegg har vi gode referansar på han som menneske, noko vi også set høgt, seier sportssjef Arve Haukeland.