Det er Larsnes/Gursken Fotballklubb som gjennom ei pressemelding melder at Andreas Brune Rekdal (28) har signert for klubben.

- Det er svært gledeleg å få Andreas tilbake, seier sportsleg leiar Johnny Moltubakk og legg til:

- Han kjem no tilbake med verdifull erfaring frå høgare divisjonar både som trenar og spelar. Andreas er ein svært allsidig spelar som vil styrke oss både offensivt og defensivt.

Etter å ha vore eit stort talent gjennom mange år gjekk han til Hødd som 16-åring. Diverre skulle han kome til å slite mykje med skadar i si tid der. Etter at han nokre år etter reiste heim og registrerte seg for spel for Larsnes/Gursken, og storspelte der, blei han henta tilbake igjen til dei blåkvite i 2012, og spelte ei viktig rolle i Hødd-laget som tok eit sensasjonelt cupgull. I finalen mot Tromsø på Ullevaal var det Rekdal som tok det avgjerande straffesparket i straffesparkkonkurransen.

Har gledd seg

Etter sin andre periode i Hødd gjekk turen vidare til Herd, der han har vore dei siste sesongane. No returnerer han altså til heimlege trakter.

- Eg har heile tida gledd meg til den dagen eg skulle spele fotball her igjen. Så det er veldig kjekt å kome tilbake, seier Andreas Brune Rekdal og legg til:

- Det verkar til å vere ei bra satsing i klubben, og eg er glad for å vere ein del av det.

Begeistra

Styreleiar i LGFK, Kato Myklebust, er begeistra over signeringa.

- Det at vi har klart å signere ein så sterk spelar som Andreas gjer at vi er betre rusta for sesongen. Denne signeringa er eit av fleire steg i rett retning, for å kunne kome nærmare måla vi har sett oss for klubben. Å få tilbake spelarar, med erfaring frå høgare divisjonar, er eit av tiltaka klubben arbeider målretta med. Ei dynamisk spelargruppe med både erfarne og unge, er avgjerande for at klubben held fram med god utvikling av eigne spelarar, slik klubben er kjent for, seier styreleiar Kato Myklebust.