Det skulle bli nok ein tur opp på scena for Karsten Warholm, då utdelar Stig-André Berge las opp namnet hans og kunne tildele han nok ein gjev pris, Utøvarane sin pris.

Det var ein tydeleg rørt Karsten som takka audmjukt for kanskje den gjevaste prisen av dei alle, prisen som blir gitt til den som blir stemt fram av kollegaene i idretts-Norge.

Tidlegare på kvelden fekk Warholm prisen for Årets mannlege utøvar.

Les også: Karsten er årets mannlege utøvar!

I 2017 stod Karsten Warholm for nokon av dei største idrettsprestasjonane i moderne norsk idrett, og toppen av kransekaka kom då han tok gull på 400 meter hekk under VM i London i august. I tillegg til ein haug av andre prisar han har fått etter fantomløpet sitt i London og ein fantastisk sesong elles, har han no altså både fått prisen for Årets mannlege utøvar og Utøvarane sin pris.