Idrettspresident Tom Tvedt delte ut den gjeve prisen, der vinnaren er stemt fram av folket. Karsten Warholm måtte nok ein gong opp på scena, for å ta i mot den gjeve statuetten for Årets namn.

– Lars Lagerbäck (landslagssjef i fotball), dette var eit ekte hattrick. Eg er ledig neste sesong, sa Warholm først på spøk. Så til det litt meir alvorlege:

- Det er stort å sjå at folk kan vise så stort engasjement på vegne av eit anna menneske. Det norske folket har vore heilt fantastiske i tida etter VM-gullet, sa Karsten Warholm frå scena.

Les også: Karsten er årets mannlege utøvar

Les også: Ein rørt Karsten tok i mot Utøvarane sin pris

Under kan du sjå nokre av helsingane som har kome til Karsten på sosiale medier: