Dimna IL-utøvaren har imponert det norske folk kraftig i det som verkeleg kan karakteriserast som eit toppår så langt for 21-åringen. I 2017 stod Karsten Warholm for nokon av dei største idrettsprestasjonane i moderne norsk idrett, og toppen av kransekaka kom då han tok gull på 400 meter hekk under VM i London i august. Mange snakkar om denne prestasjonen som større enn den Vebjørn Rodal stod for då han tok gull på 800 meter i OL i Atlanta i 1996.

Karsten var nominert til prisen som beste mannlege utøvar saman med Filip Ingebrigtsen, Kjetil Jansrud, Alexander Kristoff, Håvard Holmefjord Lorentzen, Olav Lundanes, Sondre Nordstad Moen og Martin Johnsrud Sundby.

Audmjuk prisvinnar

Det var ein tydeleg stolt Karsten Warholm som gjekk opp på scena og tok i mot prisen for Årets mannlege utøvar. Utdelarane Kristine Riis og Marian Saastad Ottesen gav han den flotte kula, og Karsten tok mikrofonen og leverte ein tale i kjent stil.

- Eg blir alltid like audmjuk i slike høve, når prestasjonar blir sett pris på. Mest fordi eg ser kven eg blir samanlikna med her. Eg har vore heime og sett på Idrettsgallaen og drøymt om å få stå her. Eg kunne aldri gjort dette åleine. Først og fremst har eg ein trenar som har enorm kunnskap. Eg hadde aldri nådd dit eg er no, hadde det ikkje vore for han, sa Karsten og sa vidare:

- Eg har ein kjærast (Oda Djupvik, red. anm.), som aldri får sjå meg. Det er difor det held i hop, vil eg tru, sa Karsten, og latteren sat laust i salen i salen på Hamar.

Han ønskte også å takke foreldra sine Kristine Haddal og Mikal Warholm.

- Eg har nokre foreldre som har køyrt meg dit eg måtte, og gjort alt for meg. Eigentleg føler eg meg ganske så priviligert som får drive med toppidrett. Eg står opp klokka 11 og reiser på trening. Eg er så absolutt ikkje ein kvardagshelt, slik mange meiner. Det er mange som takkar meg fordi eg har gitt dei ei stor oppleving, men eg vil heller takke dei som står på kvar dag for meg, for at dette skal gå rundt.

Så kom Karsten med nokre artige sluttpoeng:

- Eg har faktisk ikkje fått betalt for å seie dette heller. Men som sunnmøring forhandlar eg gjerne til neste år.

Med det braut salen ut i latter nok ein gong.

- Eg er stolt og audmjuk over å stå her med min fyrste Idrettsgalla-pris, og eg vil takke alle. Det er vanskeleg å hoppe etter Klæbo som kom med ein caps, men eg takkar likevel, sa han avslutningsvis.

Trenaren blei årets trenar

Ikkje lenge etter at eleven fekk sin pris for årets beste mannlege utøvar blei Leif Olav Alnes tildelt prisen for Årets trenar.

På lik linje med sin taleføre elev gav Alnes ein flott tale, og avslutta i likskap med Warholm med eit lite stikk til leiinga i Idrettsforbundet.

Det blei også med det ingen Årets trenar-pris til hareidsdølingen og noverande landslagssjef for det danske fotballandslaget, Åge Hareide, som også var nominert.