Karsten Warholm hadde nok knapt fått landa på jorda igjen før han dagen etter Idrettsgallaen på Hamar sat på flyet til sørlege breiddegrader, nærare bestemt Tenerife. Der skal han på treningsleir i to veker, for å førebu seg på nok ein friidrettssesong. Både éin, to og tre gonger måtte Karsten gå opp på scena i Hamar OL-amfi får å ta i mot pris. Først fekk han prisen for Årets mannlege utøvar, ikkje lenge før trenar Leif Olav Alnes fekk sin pris for Årets trenar.

Så skulle Utøvarane sin pris delast ut. Då namnet til Karsten blei ropt opp var det ein tydeleg rørt 21-åring som stolt tok i mot prisen. Men prisdrysset over Dimna IL-utøvaren skulle ikkje stoppe der. For då utdelaren av prisen Årets Namn, idrettspresident Tom Tvedt, opna konvolutten og ropte opp Karsten sitt namn, var det ein forbløffa kar som nok ein gong måtte opp på scena.

– I kveld er eg nesten mållaus, det er heilt fantastisk! sa Karsten Warholm til Vikebladet Vestposten då han var ferdig å prate med heile rikspressa.

– Mykje å fordøye

Med seg i salen laurdag kveld hadde Karsten kjærasten Oda Djupvik og mamma og manager Kristine Haddal. Mamma vedgår at det var ein heilt spesiell kveld.

– Dette var utruleg kjekt. Det er jo nesten som ein føler at ein heil idrettskarriere har skjedd på ein sesong. Med denne kvelden på toppen av alt det andre som har skjedd siste året, blir det sjølvsagt mykje å fordøye av positive inntrykk. Eg tenkjer også at det er alt arbeidet som Karsten og Leif Olav har lagt ned som gir slike flotte resultat, seier Kristine.

Ho legg ikkje skjul på at det siste året har vore surrealistisk for ho, pappa Mikal og alle andre rundt Karsten.

– Ein kan jo av og til lure på om det er verkeleg alt dette vi opplever kring guten vår. Men, eg tenkjer at vi klarer å ta det innover oss. Vi er berre oss sjølve. Det er viktig å halde fast på normalen, og det føler eg vi klarer, seier ho.

Rosar samarbeidspartnarane, Dimna IL og trenar Leif Olav

Som manager har Kristine Haddal mellom anna ansvar for mediehandtering, men også marknadsdelen.

– Det har vore ein del interesse på det området ja. Men vi tenkjer langsiktig, og tek oss god tid. Karsten er heldig som har hatt med seg gode sponsorar og støttespelarar, som har stått på for han også før han tok VM-gull i London. Vi er veldig takksame for alle som har hatt trua på han heile vegen, seier ho.

Dimna IL skal også ha sin del av æra, meiner Kristine.

– Alle dei dyktige trenarane, med Arve Hatløy i spissen, skal ha stor takk. Vi vil også takke styret, som har lagt til rette for at ein i Dimna IL både satsar på breidde, men også sørgjer for at enkeltutøvarar som ønskjer å satse, får gjere det.

Og sist men ikkje minst, trenar, og Årets trenar, Leif Olav Alnes.

– Det er ein 24/7-jobb han gjer. Det er utruleg å sjå kva for eit arbeid han har lagt ned for Karsten og for andre utøvarar. Han er ein unik kar, seier ho avslutningsvis.

Karsten måtte innrømme at tårene pressa på då han blei tildelt Utøvarane sin pris. Dette er prisen som blir gitt til den som utøvarane sjølv stemmer fram. Foto: Geir Olsen/NTB Scanpix.