Før 2017-sesongen signerte Martin Mork Breivik på ei toårskontrakt med Hødd, men eitt år før kontrakten går ut er det klart at spelaren skiftar ut Høddvoll med Amfi Moa Stadion.

Fredag skriv nemleg Hødd på sine nettsider at Mork Breivik er klar for Herd, og dermed skal spele 3.-divisjon den komande sesongen.

"Martin har vore i a-stallen i litt over to sesongar. Det har blitt mindre speletid enn ønska og difor har vi og Martin blitt einige om at ein overgong til Herd kan vere positivt for den vidare utviklinga hans. Martin er ein fantastisk flott fyr som eg vil gi dei beste skussmål og vi takkar han for innsatsen i Hødd-drakta for denne gong – og ønskjer han lukke til i Herd", seier sportssjef André Nevstad til Hødd sine nettsider.

I 2017 spelte Mork Breivik åtte offisielle A-kampar for Hødd. I ein periode der Daniel Eid var skadd fekk Mork Breivik sjansen til å ta grep om høgresida, men i løpet av sommaren vart også han skadd, og spelte sin siste A-kamp for Hødd 18. juni. Mot slutten av sesongen vart det fire kampar for Hødd 2.

Denne sesongen kan det i staden bli spel mot Hødd 2, for Herd og Hødd 2 skal spele i same 3.-divisjonsavdeling i 2018.

Martin Mork Breivik kom opphavleg frå Hareid IL, men gjekk til Hødd før 2014-sesongen. I 2016 fekk han si første A-kontrakt med Hødd.