Laurdag vart det klart at Johannes Sundgot er den nyaste medlemen i A-stallen til Hødd. Sjølv har ungguten visst det nokon dagar, sidan han for tida er på treningsleir i Spania saman med resten av 3.-klassa ved idrettslinja på Ulstein vidaregåande skule.

– Ja, eg fekk vite det for eit par dagar sidan. Vi hadde eit møte rett før eg reiste, fortel 18-åringen.

Han seier til Vikebladet Vestposten at plass i A-stallen var eit mål også sist sesong.

– Men då fekk eg det ikkje til. Dermed var det herleg å få det til no, å endeleg få vere med der. Eg ser veldig fram til det og trur det blir veldig bra, fortel Sundgot.

Må unngå skadane

Kva var det som gjorde at det ikkje gjekk vegen i fjor?

– Det vart ein ganske trøblete sesong. Eit godt stykke unna det eg hadde forventa av meg sjølv, og der eg hadde mykje skadar som var lite eg kunne gjere med. No handlar det om å få ei skadefri oppkøyring og ein skadefri sesong. Eg kan nesten ikkje hugse sist eg hadde det, men no kjennest kroppen bra ut også. Det blir eit spanande år, fortel den nye a-lagsspelaren.

Han fekk debuten heime mot Vindbjart, men måtte dessverre gå av banen med skade også då.

– Det blir alfa og omega at eg klarar å halde kroppen frisk. Nivået er der og forma er på veg, så klarar eg å halde meg skadefri så trur eg det blir veldig bra, seier Sundgot.

Har tru på eigne ferdigheiter

Dersom ungguten får den oppladinga han håpar på, ønskjer han å gjere venstresida til si. Og med både Didrik Sereba og Vegard Heltne ut etter 2017-sesongen er det ikkje sikkert vegen fram er altfor lang.

– Det handlar om å trene og spele godt. Gjere det eg får beskjed om. Eg har klare utviklingsmål og veit kva eg må forbetre. Eg veit også at eg har nivået inne og at eg har endå større potensial enn eg har fått vist fram så langt. Eg kan endå meir, seier den offensive 18-åringen.

Sjølv meiner Sundgot at han har ein del å jobbe med for å kome på rett nivå med uthald og løpskraft før sesongen tek til.

– Det må eg jobbe med, så det blir nok mykje springing framover. Eg ønskjer å vere ein offensiv back, men er jo først og fremst forsvarsspelar, så ein må mykje opp og ned.

Opprykk eit naturleg mål

No går han også inn i treningsgruppa til A-laget for fullt, og det er noko Sundgot ser fram til.

– Det er berre positivt. Då får eg ein endå tøffare treningskvardag, der eg får jobbe med endå betre fotballspelarar, som også utfordrar meg endå meir på fysikken. Det blir kanon.

Sundgot er ambisiøs på eigne vegner, men meiner også at Hødd skal stille inn siktet på nokre offensive mål før sesongen.

– Nivået trur eg skal vere mogleg å ta med ein gong. Eg vart ikkje skremd då eg spelte mot Vindbjart, sjølv om eg ikkje spelte min beste kamp. Eg kan betre enn det, og eg trur det bør gå greitt å ta nivået. For laget sin del synest eg vi må ha høge målsettingar. Opprykk er eit naturleg mål. Hødd er ein stort klubb og 2.-divisjon er ikkje der vi ønskjer å vere, seier Sundgot til slutt.