Han måtte gå skadd av banen, etter ein god kamp mot Vindbjart, i den offisielle A-lagsdebuten for Hødd, men no peikar mykje på at Johannes Sundgot vil få fleire sjansar til å imponere i blåkvitt.

Laurdag skriv nemleg Hødd på sine nettsider at Sundgot er tatt opp i A-stallen før 2018-sesongen.

18-åringen har vore i Hødd sidan han var ni år, då han kom til klubben frå Hasundgot.

- Det var kjempeartig å få beskjed om å bli teken opp i a-stallen. Det er ei bekrefting på at eg har gjort ting rett. Eg gler meg veldig til sesongen. Eg likar å setje meg høge målsettingar som eg må strekkje meg etter. I år har eg ambisjonar om å spele meg inn i startoppstillinga til Hødd, noko eg ser på som svært realistisk. For laget sin del skal vi definitivt ha ambisjonar om å vere med i toppen og kjempe om opprykk, seier Sundgot til Hødd sine nettsider.

Hødd skriv også at det framles er moglegheiter for fleire frå rekruttstallen til å bli henta opp til A-stallen, men på noverande tidspunkt er det den lovande 18-åringen som får sjansen.

- Johannes er ein veldig spanande venstre vingback med gode offensive kvalitetar. Han har ein solid venstrefot, har eit godt driv, er fysisk sterk og veit å trykke til i duellspelet. Sist haust fekk han sin a-lagsdebut heime mot Vindbjart og beviste at han har eit stort potensial. Vi ser veldig fram til å følgje Johannes si vidare utvikling, og har stor tru på at han blir ein viktig spelar for Hødd i åra som kjem, seier André Nevstad til Hødd sine nettsider.